|
Protokoll frå møte i Avdelingsstyret 03.10.2000 kl. 13.00-15.35 på Strøm 314
Til stades: Torrey Seland, Kjell-Einar Dagfinrud, Håkon Bø (ref.), Sveinung Dimmen, Alf Roger Djupvik, Inge Dyrhol (1. vara KPA), Per Halse (1. vara KKF), Birger Inge Jacobsen, Jørund Knardal (2. vara SOS), Nils Magne Magerøy, studentrepresentant Liz Camilla Malzov
Melde forfall: Klaus Egge, Tor-Johan Ekeland, Per Magne Aadnanes,
Fråverande: Studentrepresentant Cathrine Strømsæther
Merknadar til innkalling og sakliste: Sveinung Dimmen ytra ønskje om at avdelingsstyremøta startar kl. 13.15.
Orienteringssaker
a) Administrativt utviklingsprosjekt
b) Status frå opptaket. Førebels rapport vart utdelt i møtet.
c) Ny vevbunad ved avdelinga
d) Førebels orientering om plandagar i Volda våren 2001
e) Nettkurs ved avdelinga - statusnotat
f) Evalueringsopplegg for mastergradsstudiet
g) Evaluering av nettstudiet i forvaltningsrett
h) Høyring om Mjøs-utvalet si innstilling
i) Reglement for avdelingsstyra
SAK 30/00 UTVIKLINGSPLAN FOR ASF
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
Avdelingsleiinga får fullmakt til å innarbeide i planen dei kommentarar som kom fram i møtet. Utviklingsplanen vert lagt fram for endeleg godkjenning i neste møte.
SAK 31/00 EVALUERING AV ORDNINGA MED ARBEIDSPLANAR
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
SAK 32/00 OPPRETTING AV STUDIEKVALITETSUTVAL
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
Ved avdeling for Samfunnsfag vert det oppretta eit utval for studiekvalitet med denne samansetninga; dekanus, avdelinga sin representant i Studienemnda, ein representant frå praksisfeltet, ein studentrepresentant oppnemnt av Avdelingsstudentrådet og ein representant frå mastergradsutdanninga. Arbeidet tek til straks med basis i den vedtekne Plan for Studiekvalitet ved Høgskulen i Volda. Avdelingsadministrasjonen vert beden om å stille med sekretær.
SAK 33/00 DISPONERING AV OVERHEADMIDLAR/ETABLERING AV STUDIEKONSULENTORDNING
Kontorsjefen sitt framlegg fall med 9 mot 1 røyst.
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
1. Saka vert utsett.
2. Avdelingsstyret ber om at det vert jobba vidare med følgjande punkt:
· Avdelingsadministrasjonen sin kapasitet
· Tilhøvet til KEV
· Drøfting på instituttnivået
· Dei økonomiske aspekta
SAK 34/00 SØKNADER OM STRATEGISKE MIDLAR
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
- Avdelingsstyret løyver kr. 10 000 til prosjektet ”samarbeid mellom barnevernet og andre offentleg instansar.”
- Det er eit vilkår at dei nemnde kommunane deltek, også økonomisk, slik det er rekna med i budsjettframlegget.
- Avdelingsstyret gir samstundes tilsegn om løyving på kr. 10 000 for budsjettåret 2001.
- Avdelingsstyret løyver kr. 10 000 til utviklingsprosjektet ”nye undervisningsformer.”
- Avdelingsstyret er innforstått med at desse løyvingane gjer at ein innanfor fellesnivået (avdelinga) si budsjettramme, sannsynlegvis må omdisponere noko av midlane som er sette av til studentopptaket 00/01.
SAK 35/00 MØTEPLAN FOR STUDIEÅRET 2000-2001
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
Avdelingsstyret sluttar seg til møteplanen med følgjande endringar:
-
Avdelingsstyre- og arbeidsutvalsmøta startar kl. 13.15
-
Avdelingsstyremøte oppsett 21. november vert flytta til 28. november
-
Informasjonsmøte oppsett 29. september vert flytta til 6. oktober
Torrey Seland Kjell-Einar Dagfinrud
dekanus kontorsjef
|