Skriv ut Sideoversikt |  


Lærarutdanninga
Humanistiske fag
Mediefag
Samfunnsfag
Ivar Aasen-instituttet
Biblioteket
Kontor for etter- og
   vidareutdanning

Internasjonalisering
Studentsamskipnaden
Nynorsksenteret


Om Høgskulen / Samfunnsfag / Om avdelinga / Avdelingsstyre / 2000 /

Protokoll frå møte i Avdelingsstyret 20.06.2000 kl. 13.15 på Strøm 314

Til stades:
Roar Amdam, Hallgerd Conradi, Kjell Einar Dagfinrud (sekr.) , Sveinung Dimmen, Per Halse, Kåre Heggen, Elfrid Sundnes Joa, Torrey Seland, Lars Jørgen Vik, Bernt Olav Øvregaard.

Melde forfall:
Per Magne Aadnanes, Bente Afset, Håkon Bø, Birger Løvlie, Thinken R. Osborg, Anne Marie Verpe
Referatet frå førre møte vart godkjent utan merknadar.

Ingen hadde merknadar til innkalling og sakliste.

Kontorsjefen ba om at det vart ført opp ei ny sak om endring av vedtak i AS-sak 09/00 på saklista. Det kom også framlegg om flytte sak 23/00 (vikarstipendsaka) til slutt på saklista, og styret slutta seg til desse endringane.

Orienteringssaker:

a) Orientering frå studiekvalitetsutvalet ved avdelinga v/ utvalsleiar Tore Hagen
b) Søkjarar til den utlyste professorstillinga ved avdelinga
c) Sosialfagleg rådgjevingsteneste for studentar
d) Saker i HVO-styret


SAK 23/00 VIKARSTIPEND FOR 2001 - TILRÅDING

Saksutgreiinga leidde fram til ei samla prioritering mellom søkjarane slik:

1. Thinken Røsvik Osborg (andre prosjekt)
2. Ingun Klepp (hovudfag)
3. Per Halse (doktorgrad)
4. Hallgerd Conradi (andre prosjekt)
5. Tore Hagen (andre prosjekt)

Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:

Avdelingsstyret støttar den tilrådinga som går fram av utgreiinga.


SAK 24/00 OPPTAKSKOMITÉ VED AVDELINGA SOMMAREN 2000

Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:

Avdelingsstyret oppnemner Rune Haugen og Carjet Demir som studentrepresentantar i opptakskomiteen ved avdelinga sommaren 2000.


SAK 25/00 PEDAGOGIKK SOM STUDIEFAG

Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:

1. Avdeling for samfunnsfag er innstilt på å delta i utviklinga og gjennomføringa av studiefaget i pedagogikk i samsvar med ein tenkt matrisemodell. Avdelinga kan også vere villig til å administrere studiefaget i ein slik modell.

2. Avdelinga ønskjer å kome attende til organiseringa når innhaldet i studiefaget er nærare avklara.


SAK 26/00 GODKJENNING AV STUDIE/FAGPLANAR FOR STUDIEÅRET 00/01

Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:

1. Fagplan for sosionomstudiet for år 2000/2001 vert godkjent slik den går fram av vedlegg 2.
2. Fagplan for barnevernspedagogstudiet for år 2000/2001 vert godkjent slik den går fram av vedlegg 2.
3. Fagplanane nemnde i punkt 1 og 2 gjeld også for studentar som tok til på desse studia i 1999.
4. Studieplan for sosialt arbeid i barne- og ungdomsvern vert godkjent slik den går fram av vedlegg 3.


SAK 27/00 MEDLEM AV PROSJEKTGRUPPE TIL "VOLDA-PROSJEKTET"

Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:

1. Professor Tor-Johan Ekeland ved Institutt for sosialfag blir foreslått som HVO sin representant i prosjektgruppa som skal lage ein plan for å organisere studiet i sjukepleie slik at ei gruppe studentar skal kunne ta praksis/undervisning i Volda-Ørsta området, førebels fram til mandatet er utforma og vedtatt.

2. Avdelingsstyret vurderer spørsmålet om vidare deltaking i gruppa når mandatet for prosjektgruppa er endeleg utforma.


SAK 28/00 STIPENDIATPROGRAMMET

Avdelingsstyret ser dei to innkomne forslaga som viktige og relevante for HVO, og ønskjer ikkje å prioritere mellom dei. Styret ber avdelingsleiinga om å argumentere overfor rektor for at begge områda blir prioriterte frå HVO si side.


SAK 29/00: JUSTERING AV VEDTAK I AS-SAK 09/00: OPPNEMNING AV VALSTYRE FOR ASF

Avdelingsstyret gjorde opprinneleg slik samrøystes vedtak i sak 09/00 den 14.03.00:


1. Det vert oppnemnt valstyre ved ASF i samsvar med følgjande oppstilling:

Fast tilsette:
Bernt Olav Øvregaard
Jørund Knardahl
Klaus Egge
Inge Dyrhol
Ottar Berge
Arne Redse

Mellombels tilsette:
Nils Magne Magerøy
Øyvind Standal.

Administrasjonen:
Håkon Bø
Elfrid Sundnes Joa

1 student med vara frå ASF vert oppnemnt av Studenttinget.

2. Bernt Olav Øvregaard vert leiar for valstyret, og Ottar Berge nestleiar.

3. Valstyret trer i funksjon umiddelbart, og fungerer inntil nytt valstyre vert nemnt opp i forbindelse med neste ordinære val av avdelingsstyre ved ASF.

Kontorsjefen synte til lov om universteter og høgskoler §19 nr 3 som føreset at studentane skal ha minst 2 medlemmer i alle kollegiale organ med beslutningsmynde, dersom ikkje delegerande organ samrøystes vedtek noko anna.

Følgjande framlegg til nytt vedtak i saka vart samrøystes vedteke:

1. Det vert oppnemnt valstyre ved ASF i samsvar med følgjande oppstilling:

Fast tilsette: Bernt Olav Øvregaard
Jørund Knardahl
Klaus Egge
Inge Dyrhol
Ottar Berge
Arne Redse

Mellombels tilsette:
Nils Magne Magerøy
Øyvind Standal

Administrasjonen:
Håkon Bø
Elfrid Sundnes Joa

2 studentar med vara frå ASF vert oppnemnt av Studenttinget.

2. Bernt Olav Øvregaard vert leiar for valstyret, og Ottar Berge nestleiar.

3. Valstyret trer i funksjon umiddelbart, og fungerer inntil nytt valstyre vert nemnt opp i forbindelse med neste ordinære val av avdelingsstyre ved ASF.

 


Kåre Heggen                                                          Kjell-Einar Dagfinrud
dekanus                                                                  kontorsjef

 



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Barbro Bjøringsøy 26.02.2003
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning