|
Protokoll frå møte i Avdelingsstyret 05.06.2000 kl. 13.15-15.00 på Strøm 314
Til stades: Kåre Heggen, Inge Dyrhol, Bernt Olav Øvregaard, Per Halse, Torrey Seland, Birger Løvlie, Hallgerd Conradi, Kjell-Einar Dagfinrud (sekr.)
Melde forfall: Bente Afset, Roar Amdam, Thinken R. Osborg, Anne Marie Verpe, Lars Jørgen Vik. Referatet frå førre møte vart godkjent utan merknadar.
Ingen hadde merknadar til innkalling og sakliste.
Orienteringssaker: a) Marknadsføring av nettstudium. b) Studieplan for Kriminalitetsførebygging i eit samfunnsplanleggingsperspektiv - høyringsrunde.
SAK 21/00: VIDAREUTDANNING I FLERKULTURELL FORSTÅELSE, 10 VEKTTALL
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
Avdelingsstyret sluttar seg til det faglege innhaldet i "Studieplan for videreutdanning i flerkulturell forståelse, 10 vekttall".
SAK 22/00: GODKJENNING AV STUDIEPLANAR 2000-2001.
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
1. Avdelingsstyret godkjenner institutt for kommunalfag og institutt for kristendomskunnskap og kyrkjefag sine studieplanar for studieåret 2000-2001.
2. Avdelingsleiinga får fullmakt til å gjere språklege og redaksjonelle endringar.
Kåre Heggen Kjell-Einar Dagfinrud dekanus kontorsjef
|