Protokoll frå møte i Avdelingsstyret 05.06.2000 kl. 13.15-15.00 på Strøm 314

Til stades:
Kåre Heggen, Inge Dyrhol, Bernt Olav Øvregaard, Per Halse, Torrey Seland, Birger Løvlie, Hallgerd Conradi, Kjell-Einar Dagfinrud (sekr.)

Melde forfall:
Bente Afset, Roar Amdam, Thinken R. Osborg, Anne Marie Verpe, Lars Jørgen Vik.
Referatet frå førre møte vart godkjent utan merknadar.

Ingen hadde merknadar til innkalling og sakliste.

Orienteringssaker:
a) Marknadsføring av nettstudium.
b) Studieplan for Kriminalitetsførebygging i eit samfunnsplanleggingsperspektiv - høyringsrunde.


SAK 21/00: VIDAREUTDANNING I FLERKULTURELL FORSTÅELSE, 10 VEKTTALL

Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:

Avdelingsstyret sluttar seg til det faglege innhaldet i "Studieplan for videreutdanning i flerkulturell forståelse, 10 vekttall".

SAK 22/00: GODKJENNING AV STUDIEPLANAR 2000-2001.

Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:

1. Avdelingsstyret godkjenner institutt for kommunalfag og institutt for kristendomskunnskap og kyrkjefag sine studieplanar for studieåret 2000-2001.

2. Avdelingsleiinga får fullmakt til å gjere språklege og redaksjonelle endringar.

Kåre Heggen                                           Kjell-Einar Dagfinrud                 
dekanus                                                   kontorsjef