|
Protokoll frå møte i Avdelingsstyret 09.05.2000 kl. 13.15-15.00 på Strøm 314
Til stades: Kåre Heggen, Kjell-Einar Dagfinrud, Jørgen Amdam (2. vara KPA), Hallgerd Conradi, Inge Dyrhol (1. vara KPA), Birger Løvlie, Torrey Seland, Anne Marie Verpe(1. vara SOS), Lars Jørgen Vik (2. vara SOS), Per Magne Aadnanes (1. vara KKF), Håkon Bø (ref.), studentrepresentant Liz Camilla Malzev,
Melde forfall: Bente Afset, Roar Amdam, Sveinung Dimmen, Thinken Røsvik Osborg, Bernt Olav Øvregaard, studentrepresent Cathrine Strømsæther
Referatet frå førre møte vart godkjent utan merknadar.
Merknadar til innkalling og sakliste: Ingen.
Orienteringssaker a) Plan for bruk av avdelinga sine overhead-midlar. b) Dekanus-valet ved ASF c) Ombygginga av Hans-Strøm d) Ny webmedarbeidar engasjert e) Sensoroppnemningar f) Opptakstal
SAK 15/00: REKNESKAPEN FOR 1999
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
1. Rekneskapen for avdelinga vert godkjent i samsvar med oppstillinga i vedlegg 1. 2. Dei 4 budsjetteiningane skal overføre saldo for 1999 til år 2000 i samsvar med tabell 1 ovanfor.
SAK 16/00: BUDSJETTPOSTERING FOR ÅR 2000
Kåre Heggen kom med følgjande tilleggsframlegg til punkt 1:
”Avdelingsleiinga ber om eit møte med høgskuleleiinga med tanke på å styrke budsjettet til institutt for kommunalfag og for å diskutere prinsipielle sider knytt til strategiske satsingar ved Høgskulen.”
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
1. Postbudsjett for kommunalfag vert ikkje godkjent. Avdelingsleiinga ber om eit møte med høgskuleleiinga med tanke på å styrke budsjettet til institutt for kommunalfag og for å diskutere prinsipielle sider knytt til strategiske satsingar ved Høgskulen.. 2. Postbudsjett for fellesnivået vert godkjent i samsvar med oppstillinga i vedlegg 2.
SAK 17/00: INSTRUKS FOR HJELPEMIDLER TIL EKSAMEN VED STUDIER VED AVDELING FOR SAMFUNNSFAG - REVISJON
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
1. Vedtak om tilvising i studieplanar: I studieplan for kristendomskunnskap grunnfag, kristendomskunnskap mellomfag, Kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering I, Kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering I (vidareutdanning/ fjernundervisning), Kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering II, Kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering II (vidareutdanning/ fjernundervisning), Kyrkje- og arbeidsrett vert det gjort følgjande tilføying: Når det gjeld spørsmålet om kva hjelpemidlar som kan takast med på eksamen vert det vist til Instruks for hjelpemidler til eksamen ved studier ved Avdeling for samfunnsfag som er innteke i studiehandboka. 2. Vedtak om endring av Instruks for hjelpemidler til eksamen ved studier ved Avdeling for samfunnsfag Instruks for hjelpemidler til eksamen ved studier ved Avdeling for samfunnsfag vert vedteke i samsvar med det framlagde utkastet til endringsvedtak.
SAK 18/00: REGLEMENT FOR AVDELINGSSTYRA VED HØGSKULEN I VOLDA - REVISJON
Lars Jørgen Vik kom med følgjande framlegg til ny tekst til punkt III, 1: ”Funksjonstida for dekanus, prodekanus og andre representantar for fagleg og administrativt tilsette i avdelingsstyra er tre år.”
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
I. ”Avdelinga får delegert mynde til å fastsetje den innbyrdes representasjonen mellom dei ulike undereiningane (institutt/seksjonar).” Det vert synt til saksutgreiinga i AS-sak 08/00. Det er uklart kva omgrepet ”undereiningane” inneheld. Dersom det tyder noko anna enn grunneining i lovas forstand, er det tvilsamt om styret har høve til å fastsetje, langt mindre delegere slike reglar. LUH (lov om universitet og høgskular) bygg på at representasjonen frå tilsette i avdelingsstyret skal vere sett saman frå ulike grupper med utgangspunkt i ulikt tilsetjingsforhold, og at det dermed kan vere ulike interesser t.d. mellom fast og mellombels tilsette i ei sak. Vi gjer likevel merksam på at etter diskusjonen i avdelingsstyret på vårt møte i februar, vart punkt b i framlegget til vedtak fjerna. (jf. hhv. framlegg til vedtak og protokoll) III Funksjonstida for dekanus, prodekanus og andre representantar for fagleg og administrativt tilsette i avdelingsstyra er tre år. VI 2.b) Uklart kva konsekvensen av dette blir. Det er stemmeplikt i alle saker utanom ved val; vil ein ved eit val dermed ikkje vere vedtaksføre dersom mange nok unnlet å stemme? 5.c) Med omsyn til grunngjevingsplikta er det vel tenkt på saker der ein har partar i Forvaltningslovas forstand. Punktet burde i så fall gjerast meir presist. VII Generelt: Alle desse forholda er godt og presist behandla i særlovene. Ein kan difor vurdere om det er tenleg å ha med eigne punkt om dette, og om ein heller burde nøye seg med å syne til dei nemnde lovene. Dersom ein vel ta med eigne punkt om dette, kan det nemnast: 1. OK, men andre har også eit ansvar. Eit medlem som meiner å være habil, kan dermed faktisk vere inhabil, og måtte forlate møtet. 2.2 Uklart kva ein legg i omgrepet forhandlingar. 2.3. Det er å distribuere dokumentet (les: opplysningane i det), ikkje å kopiere som er ulovleg, og som det må leggast vekt på. Det kan sikkert tenkjast legitime grunnar for å ta ein kopi. Å samle inn slike dokument på slutten av møtet kan vere ein praktisk grei måte i mange høve, og ei slik ordning kan vel også ha ein viss symbolverdi. Punktet bør elles understreke det enkelte medlem sitt ansvar for å ikkje spreie opplysningar, t.d. dokument med opplysningar som er underlagte teieplikt.
SAK 19/00: GODKJENNING AV FAG-/STUDIEPLANAR FOR STUDIEÅRET 2000/2001
Kåre Heggen kom med følgjande endringsframlegg:
”Avdelingsstyret godkjenner institutt for kristendomskunnskap og kyrkjefag sine fag-/studieplanar for studieåret 2000/2001 utanom planane for Kristendomskunnskap grunnfag og Praktisk-Kyrkjeleg årsstudium. Desse planane vert sendt attende til instituttet for ny gjennomgang. For alle fag-/studieplanar vert det teke atterhald om justeringar i pensum/aktuell litteratur.”
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
Avdelingsstyret godkjenner institutt for kristendomskunnskap og kyrkjefag sine fag-/studieplanar for studieåret 2000/2001 utanom planane for Kristendomskunnskap grunnfag og Praktisk-Kyrkjeleg årsstudium. Desse planane vert sendt attende til instituttet for ny gjennomgang. For alle fag-/studieplanar vert det teke atterhald om justeringar i pensum/aktuell litteratur.
SAK 20/00: GODKJENNING AV FAGPLAN FOR KRISTENDOMSKUNNSKAP MED RELIGIONS- OG LIVSSYNSORIENTERING, ANDRE 10-VEKTTALSEINING, ORDINÆRT TILBOD OG VIDAREUTDANNING/FJERNUNDERVISNING
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
Avdelingsstyret godkjenner fagplanar og opplegg for Kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering, andre 10-vekttalseining.
Kåre Heggen Kjell-Einar Dagfinrud dekanus kontorsjef
|