Skriv ut Sideoversikt |  


Lærarutdanninga
Humanistiske fag
Mediefag
Samfunnsfag
Ivar Aasen-instituttet
Biblioteket
Kontor for etter- og
   vidareutdanning

Internasjonalisering
Studentsamskipnaden
Nynorsksenteret


Om Høgskulen / Samfunnsfag / Om avdelinga / Avdelingsstyre / 2000 /

Referat frå møte i Styret for Avdeling for Samfunnsfag 14. mars. 2000 kl. 13.15 på Strøm 314
 
Til stades:
Kåre Heggen, Kjell-Einar Dagfinrud, Roar Amdam, Hallgerd Conradi, Sveinung Dimmen, Birger Løvlie, Thinken Røsvik Osborg (til kl 15.45), Torrey Seland, Bernt Olav Øvregaard (til kl 15.45), Per Magne Aadnanes, Håkon Bø (ref.)
 
Melde forfall:
Bente Afset, studentrepresentantane Liz Camilla Malzev, Cathrine Strømsæther

Referatet frå førre møte vart godkjent med følgjande merknad frå Birger Løvlie til sak 04/00 Ymse, punkt 2: Referatet kan på dette punktet vere misvisande. Den saka Birger Løvlie nemnde gjaldt innkjøp av 1-ein mobiltelefon til bruk for instituttmedlemmar med koordineringsansvar når dei er på reise o.l.

Merknadar til innkalling og sakliste: Ingen.

Saker meldt under ymse: Roar Amdam meldte ei sak om arbeidsoppgåvene til avdelingsadministrasjonen.

Orienteringssaker
a) Strategiplan for HVO – uttale frå ASF
b) Evaluering av Forvaltningsrett på Internett
c) Prinsipp for fordeling av overhead mellom dei administrative einingane ved HVO.
d) Ombyggingssaker – status
e) Saker til HVO-styret 16.03.00.
f) Endring av arbeidsområde for Bernt Olav Øvregaard
g) Tildeling av særskilde midlar til omstilling for 2000, brev frå KUF, dagsett 06.03.00
 
SAK 05/00:  INSTRUKS FOR HJELPEMIDLER TIL EKSAMEN VED STUDIER VED AVDELING FOR SAMFUNNSFAG

Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:

1. Vedtak om endring av studieplanvedtak:
I vedtak datert 16. juni 1999(sak 29/99) om studieplan for kommunalfagsutdanninga, om studieplan for kristendomskunnskap grunnfag og om fagplan for sosialarbeidarutdanningane vert det gjort følgjande tilføying:
Når det gjeld spørsmålet om kva hjelpemidlar som kan takast med på eksamen vert det vist til Instruks for hjelpemidler til eksamen ved studier ved Avdeling for samfunnsfag som er innteke i studiehandboka.
Vedtaket her trer i kraft straks.
2. Vedtak om endring av Instruks for hjelpemidler til eksamen ved studier ved Avdeling for samfunnsfag
Instruks for hjelpemidler til eksamen ved studier ved Avdeling for samfunnsfag vert vedteke i samsvar med det framlagde utkastet til endringsvedtak.
 
SAK 06/00: INNSPEL TIL BUDSJETTFRAMLEGGET FOR 2001 - SATSINGSOMRÅDE

Kåre Heggen kom med følgjande framlegg:

Avdelingsleiinga får fullmakt til å gjere redaksjonelle endringar i teksten i samråd med instituttleiarane før innspelet vert oversendt til høgskuleleiinga.

Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:

Avdelingsleiinga får fullmakt til å gjere redaksjonelle endringar i teksten i samråd med instituttleiarane før innspelet vert oversendt til høgskuleleiinga.
 
SAK 07/00: BUDSJETTPOSTERING FOR ÅR 2000

Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:

1. Avdelingsstyret vedtek postbudsjett for institutt for sosialfag, og for institutt for kristendomskunnskap og kyrkjefag i samsvar med oppstillinga i hhv. vedlegg 2b og 3 til denne saka.
2. Avdelingsstyret ber om at det vert lagt fram eit forslag til postering for institutt for kommunalfag i samsvar med føresetnadane i brev til instituttleiar datert 14.02.00. til neste møte.  (jf. vedlegg 1)
3. Posteringsframlegg for fellesnivået ved avdelinga vert lagt fram på neste møte.
 
SAK 08/00: REVISJON AV REGLEMENT FOR AVDELINGSSTYRET

Kåre Heggen kom med følgjande framlegg til endringar:

a) §3 punkt 1 under avdeling for samfunnsfag skal lyde:
8 repr. for fagleg tilsette
1  repr. for teknisk/adm. tilsette
3 studentrepresentantar
1 ekstern representant

Punkt b vert stroke.

Nytt punkt 2:
Avdelingsstyret ber om at oppretting av grunneiningar vert utgreidd av avdelingsleiinga.

Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:

1. I høve til gjeldande avdelingsstyrereglement, tyder dette at vi ønskjer at følgjande endringar vert gjort:
a) § 3 punkt 1 under avdeling for samfunnsfag skal lyde:
8 repr. for fagleg tilsette
1 repr. for teknisk/adm. tilsette
3 studentrepresentantar
1 ekstern representant

b) I § 7 nr 1, (avdelingsstyret sine oppgåver) gjer vi framlegg om at første strekpunkt vert: ”bruk av tildelt budsjett, ressursfordeling og ressursforbruk i avdelinga.

Nytt punkt: Vedta verksemdsplan, herunder utvikling og formulering av mål og visjonar for avdelinga.
I § 7 nr 2, ønskjer vi å peike på punktet kandidattall, som vi er usikre på. Kva type tilråding er det tenkt på her. Punktet bør presiserast eller takast bort.

Strekpunktet som handlar om personalsaker bør presiserast.

2. Avdelingsstyret ber om at oppretting av grunneiningar vert utgreidd av avdelingsleiinga.
 

SAK 09/00: OPPNEMNING AV VALSTYRE FOR ASF

Det vart opplyst under møtet at Klaus Egge blir føreslått i staden for Sveinung Dimmen.

Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:

1. Det vert oppnemnt valstyre ved ASF i samsvar med følgjande oppstilling:

Fast tilsette:            Bernt Olav Øvregaard  Jørund Knardahl
                              Klaus Egge    Inge Dyrhol
                              Ottar Berge   Arne Redse
Mellombels tilsette: Nils Magne Magerøy  Øyvind Standal
Administrasjonen:  Håkon Bø   Elfrid Sundnes Joa
1 student med vara frå ASF vert oppnemnt av Studenttinget.

2. Bernt Olav Øvregaard vert leiar for valstyret, og Ottar Berge nestleiar.

3. Valstyret trer i funksjon umiddelbart, og fungerer inntil nytt valstyre vert nemnt opp i forbindelse med neste ordinære val av avdelingsstyre ved ASF.
 

SAK 10/00:   OPPNEMNING AV SENSORAR FOR VÅREN 2000

Sveinung Dimmen kom under møtet med framlegg om at Pelle Engesæter, Østlandsforskning, vert oppnemnt som ekstern sensor ved eksamen i Lokal planlegging og som 3. sensor i staden for Finn Båtevik for Praksisrapport/Prosjektoppgåve på Kommunalfag 2. Nils Magne Magerøy vert føreslått som 3. sensor ved eksamen i Lokal planlegging.

Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:

Avdelingsstyret godkjenner og nemner opp sensorane for våren 2000 som det er gjort framlegg om frå institutt for kommunalfag.
 

SAK 11/00: RETNINGSLINER FOR TILDELING AV KONTOR TIL SENIORMEDARBEIDARAR

Thinken Røsvik Osborg og Bernt Olav Øvregaard gjekk før votering i denne saka.

Kåre Heggen kom med følgjande framlegg:

Avdelingsstyret ber om at avdelingsleiinga utarbeider eit brev til direktøren på grunnlag av det som står i saksutgreiinga og dei kommentarar som kom fram i møtet.

Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:

Avdelingsstyret ber om at avdelingsleiinga utarbeider eit brev til direktøren på grunnlag av det som står i saksutgreiinga og dei kommentarar som kom fram i møtet.
 

SAK 12/00: FASTSETJING AV STORLEIK OG SAMANSETJING AV HØGSKULERÅDET VED HØGSKULEN I VOLDA – HØYRING

Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:

Avdelingsstyret ber om at Høgskulestyret aukar tildelinga av representantar frå 3 til 4 for avdeling for samfunnsfag i samband med vurderinga av storleik og samansetjing av Høgskulerådet.
 

SAK 13/00: FELLES SOSIALARBEIDERUTDANNING I VOLDA

Kåre Heggen la fram ei ny saksutgreiing i møtet.
 
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:

1. Avdelingsstyret ønskjer at det blir sett i gang eit forsøk med å utvikle ny sosialarbeidarutdanning ved Høgskulen i Volda. Forsøket bør omfatte utarbeiding av ein plan for ei felles, 3-årig utdanning og opptak av studentar til den nye utdanninga frå og med 2001.

2. Avdelingsstyret er samd i at notatet utarbeidd av instituttleiaren ved Institutt for sosialfag vert lagd til grunn for det vidare arbeidet. Det kan gjerast redaksjonelle og språklege endringar i notatet før det blir sendt vidare til HVO sentralt.
3. Forsøket vil krevje noko ekstra planleggingsressursar. Institutt og avdeling er innstilt på å delta i denne finansieringa slik at forsøket kan realiserast. Men det trengst i tillegg strategiske midlar frå HVO sentralt og eventuelt frå departementet. Avdelingsstyret ber om at høgskulen sentralt stør prosjektet og tek initiativ til ein søknad til departementet om omstillingsmidlar til dette formålet.


SAK 14/00:  YMSE

1) Arbeidsoppgåvene til avdelingsadministrasjonen
Roar Amdam tok opp denne saka, og ba om at det vart fatta vedtak i saka. Hallgerd Conradi gjekk før votering i denne saka.

Det vart fatta slikt samrøystes vedtak:

1. Avdelingsstyret viser til NIFU-granskinga som formidlar at studentar ved HVO meiner dei får dårleg service frå høgskulen. Avdelingsstyret ber avdelingsleiinga legge fram ei sak der dei gjer greie for kva avdelinga kan gjere for å betre servicen overfor studentane ved vår avdeling.
2. Avdelingsstyret viser til tidlegare saker der arbeidsoppgåvene til avdelingsadministrasjonen har blitt drøfta. Avdelingsstyret konstaterer at arbeidsdelinga mellom fellesadministrasjonen og avdelingsadministrasjonen er uklar og ber om at avdelingsleiinga legg fram ei utgreiing om konsekvensane av å innføre prinsippet om at dei vitskapleg tilsette ved avdelinga normalt ikkje skal ha formell kontakt med fellesadministrasjonen, men at den kontakten blir ivareteken av avdelingsadministrasjonen. 
  


Kåre Heggen                                              Kjell-Einar Dagfinrud
dekanus                                                      kontorsjef

 



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Barbro Bjøringsøy 26.02.2003
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning