|
Protokoll frå møte i Avdelingsstyret 13.02.2001 kl. 13.15-15.15 på Strøm 314 Til stades: Torrey Seland, Kjell-Einar Dagfinrud, Håkon Bø (ref.), Sveinung Dimmen, Alf Roger Djupvik, Klaus Egge, Tor-Johan Ekeland, Tore Hagen (1. vara mellombels tilsette) Per Magne Aadnanes, ekstern representant Gerd Fløde Bjørlo, studentrepresentantane Jannicke Nordbø, Lillian Helene Brusdal, Liz Camilla Malzev Melde forfall: Birger Inge Jacobsen, Nils Magne Magerøy Referatet frå førre møte vart godkjent utan merknadar. Merknadar til innkalling og sakliste: Ingen. Saker meldt under ymse: 1) Representant til Forskingsutvalet 2) Representant til referansegruppa for IKT-prosjektet 3) Sensoroppnemning Orienteringssaker a) Styresaker HVO b) Handlingsplan for studentar med funksjonshemming c) Søknad om driftsmidlar til mastergradseininga ”Livsløpsperspektiv i samfunnsplanlegging” d) Søknad om driftsmidlar til mastergradseininga ”Kriminalitetsforebygging i eit samfunnsplanleggingsperspektiv” e) Oppnådd mastergrad og ettergjeving av studielån f) Rundskriv frå KUF om realkompetanse og fastsetting av studieterminar g) IKT-basert etter- og vidareutdanning – oppnemning av representant til referansegruppe h) Samarbeidsavtale med Statleg kompetanseutvikling i) Særskilte midlar til omstilling for 2001 j) Planlovdagane 20.-22. mars 2001 k) Studieplan for Livsløpsperspektiv i samfunnsplanlegging. Sveinung Dimmen orienterte om justeringane som hadde vorte føretekne, jf. AS-sak 45/00. l) Møte i Nasjonalt råd for helse- og sosialutdanningane 08.-09.02. SAK 01/01: MÅLTALSJUSTERING, STUDIETILBOD OG BUDSJETTNEDDELING FOR ÅR 2001 Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak: 1. Nye måltal og resultatkrav for budsjettåret 2001 for institutta vert: Sosialfag 288 heiltidsekvivalentar, kommunalfag 135 heiltidsekvivalentar, og kristendomskunnskap og kyrkjefag 180 heiltidsekvivalentar.
2. Studietilbodet for år 2001 vert som i vedlegg 2 til denne saka.
3. Avdelingsstyret sluttar seg til å vidareføre hovudprinsippa i budsjettneddelinga ved avdeling for samfunnsfag.
4. Følgjande endringar vert gjort i budsjettmodellen for samfunnsfag: a. FoU-delen vert nytta etter same kriterium som ved fordelinga mellom avdelingane ved HVO b. Der vert innført ei lønnsutjamningsmekanisme i modellen. c. Korreksjonsdelen fell bort. d. Fellesmidlane vert rekna som del av bruttobudsjettet. 5. FoU-delen vert sett til kr. 800 000 for år 2001.
6. Sosialfaga får tildelt kr. 6 905 166, kommunalfag kr. 3 467 191, og kristendomskunnskap og kyrkjefag kr. 4 406 643. Desse instituttrammene inkluderer vikarstipendmidlar. Fellesnivået vert budsjettert med kr. 750 000.
7. Avdelingsstyret ber om at alle budsjettnivå kjem med framlegg til postbudsjett til neste avdelingstyremøte. Postbudsjettet skal også inkludere oversyn over påreknelege inntekter i budsjettåret. SAK 02/01: INNSPEL TIL BUDSJETTFRAMLEGGET FOR 2002 - SATSINGSOMRÅDE Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak: Avdelingsstyret godkjenner budsjettinnspelet for år 2002 slik det går fram av vedlagde utgreiing, og med dei kommentarar som kom fram i møtet. SAK 03/01: REALKOMPETANSEOPPTAK – UTKAST TIL RETNINGSLINER Torrey Seland kom med følgjande framlegg: Kravet under overskrifta Generelt vert flytta til institutt for kristendomskunnskap og kyrkjefag og institutt for kommunalfag. Opptakskrava for kateketutdanninga vert dei same som for kristendomskunnskap grunnfag. Tor-Johan Ekeland kom med følgjande framlegg: Det vert sett ned ekstra kulepunkt under institutt for sosialfag som følgjer: · · Minst 5 års dokumentert arbeidserfaring. Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak: Avdeling for samfunnsfag går inn for slike retningsliner for realkompetanseopptak til Institutt for kommunalfag, Institutt for kristendomskunnskap og kyrkjefag og Institutt for sosialfag: INSTITUTT FOR SOSIALFAG: For opptak til 3-årig sosionom og 3-årig barnevernpedagogutdanning vert krevd: · · Minst 5 års dokumentert arbeidserfaring. · · Teorifag tilsvarande vidaregåande nivå i norsk, samfunnsfag og engelsk, alternativt: · · Dokumenterte føresetnader svarande til teorifaga. · · Praksis kan ikkje kompensere for manglande basalkunnskapar, men særskilt relevant og dokumentert praksis på sakshandsamar-/leiarnivå kan bli vurdert som grunnlag for opptak. INSTITUTT FOR KRISTENDOMSKUNNSKAP OG KYRKJEFAG: For opptak til kristendomskunnskap grunnfag og kateketutdanninga vert krevd: · · Minst 2 års utdanning utover grunnskulen · · Dokumentert relevant arbeidserfaring INSTITUTT FOR KOMMUNALFAG: For opptak til flg. grunnutdanningstilbod: a) Kommunalfag 1 (omfattar årsstudiet i samfunnsvitskap, ev. 1. år i to-årig studium i samfunnsplanlegging, eller ev. 1. år i tre-årig studium i kommunal planlegging og administrasjon (kommunalkandidatutdanning) b) Forvaltningsrett på nett c) Kommunal økonomi, nettbasert vert krevd: · · Minst 2 års utdanning utover grunnskulen. · · Minst 5 års dokumentert relevant arbeidserfaring, der av minst 3 år med relevans for studiet. SAK 04/01: STUDENTHUS I VOLDA Saka vart lagt fram for Avdelingsstyret til diskusjon utan tilråding til vedtak. Torrey Seland kom med følgjande framlegg: Avdelingsstyret sluttar seg til arbeidsgruppa si tilråding til lokalisering av studenthus. Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak: Avdelingsstyret sluttar seg til arbeidsgruppa si tilråding til lokalisering av studenthus. SAK 05/01: YMSE 1) Representant til Forskingsutvalet Dekanus Torrey Seland vart foreslått som avdelinga sin representant. Denne saka vart teken opp til votering og med følgjande samrøystes vedtak: Torrey Seland vert oppnemnt som avdelinga sin representant i Forskingsutvalet. 2) Representant til referansegruppa for IKT-prosjektet Denne saka vart teken opp til votering og med følgjande samrøystes vedtak: Dekanus får fullmakt til å utpeike representant frå avdelinga. 3) Sensoroppnemning Intern sensor var ikkje avklart i det føreliggjande framlegget til oppnemning av sensor i Forvaltningsarbeid (5 vt) på KPA2, så det vart ikkje fatta vedtak i denne saka. Dekanus oppnemnar sensorar på fullmakt når han får fullstendig liste. Torrey Seland Kjell-Einar Dagfinrud dekanus kontorsjef
|