Skriv ut Sideoversikt |  


Lærarutdanninga
Humanistiske fag
Mediefag
Samfunnsfag
Ivar Aasen-instituttet
Biblioteket
Kontor for etter- og
   vidareutdanning

Internasjonalisering
Studentsamskipnaden
Nynorsksenteret


Om Høgskulen / Samfunnsfag / Om avdelinga / Avdelingsstyre / 2001 /

Protokoll frå møte i Avdelingsstyret 13.03.2001 kl. 13.15-14.35 på Strøm 314
 
Til stades: Torrey Seland, Kjell-Einar Dagfinrud, Håkon Bø (ref.), Sveinung Dimmen, Klaus Egge, Tor-Johan Ekeland, Birger Inge Jacobsen, Nils Magne Magerøy, Per Magne Aadnanes, ekstern representant Gerd Fløde Bjørlo, studentrepresentantane Jannicke Nordbø og Liz Camilla Malzev
 
Melde forfall: Lillian Helene Brusdal, Alf Roger Djupvik
 
Fråverande: 
 
Referatet frå førre møte vart godkjent utan merknadar.
 
Merknadar til innkalling og sakliste: Ingen.
 
Orienteringssaker
 
a)    Styresaker HVO
b)   Endeleg tildelingsbrev frå KUF
c)    Utlysing av juriststilling
d)   Rapport frå ”Administrasjonsutgreiingsprosjektet”
 

SAK 06/01: POSTBUDSJETT FOR AVDELING FOR SAMFUNNSFAG
 
Tor-Johan Ekeland kom med følgjande tilleggsframlegg til punkt 3 i innstillinga:
 
Kr 90.000,- vert overført frå post 74012699 til post 7401232 på fellesbudsjettet.
 
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
 
1. Postbudsjett for institutt for sosialfag vert vedteke i samsvar med vedlegg 1.
2. Postbudsjett for institutt for kristendomskunnskap og kyrkjefag vert vedteke i samsvar med vedlegg 2
3. Postbudsjett for fellesnivået vert vedteke i samsvar med vedlegg 3, men med dette tillegget: Kr 90.000,- vert overført frå post 74012699 til post 7401232 på fellesbudsjettet.
4. Postbudsjett for institutt for kommunalfag skal leggast fram på neste avdelingsstyremøte
 
 
SAK 07/01: STUDIEPLAN FOR ÅRSSTUDIUM I KYRKJELEG ADMINISTRASJON, 20 VEKTTAL
 
Torrey Seland kom med følgjande tilleggsframlegg:
 
Fylte 25 år må innførast i planen som eit tilleggskrav ved opptak på grunnlag av realkompetanse.
 
Sveinung Dimmen kom med følgjande tilleggsframlegg:
 
Avdelingsstyret ber om at institutt for kristendomskunnskap og kyrkjefag redigerer studieplanen i samsvar med mal for studieplanar før den vert oversendt til studiesjefen.
 
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
 
Avdelingsstyret sluttar seg til det faglege innhaldet i Studieplan for årsstudium i kyrkjeleg administrasjon, 20 vekttal med følgjande kommentar:
 
Fylte 25 år må innførast i planen som eit tilleggskrav ved opptak på grunnlag av realkompetanse.
 
Avdelingsstyret ber om at institutt for kristendomskunnskap og kyrkjefag redigerer studieplanen i samsvar med mal for studieplanar før den vert oversendt til studiesjefen.
 
 
SAK 08/01: REVISJON AV FAGPLAN FOR YRKESFAGLEG RETTLEIING – HELSE- OG SOSIALFAG
 
Tor-Johan Ekeland kom med følgjande framlegg:
 
I fagplanen sin tittel vert ordet ”yrkesfagleg” fjerna og ”rettleiing” vert endra til ”vegleiing”. Avsnittet om eksamen under punkt 3 vert teke bort.
 
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
 
Avdelingsstyret sluttar seg til revisjon av fagplan for vegleiing – helse- og sosialfag, 5 + 5 vekttal.
 
 
SAK 09/01: OPPNEMNING AV NYE SENSORAR INSTITUTT FOR SOSIALFAG EKSAMEN VÅR 2001
 
Torrey Seland kom med følgjande framlegg:
 
Saka vert sendt attende til institutt for sosialfag som vert bedt om å lage komplett sensorliste inkludert alle eksamenar og alle intern-, ekstern- og tredjesensorar med titlar/fagbakgrunn, adresser og telefonnummer.
 
Dei to andre institutta vert bedne om snarast råd å sende inn fullstendige sensorlister for godkjenning.
 
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
 
Saka vert sendt attende til institutt for sosialfag som vert bedt om å lage komplett sensorliste inkludert alle eksamenar og alle intern-, ekstern- og tredjesensorar med titlar/fagbakgrunn, adresser og telefonnummer.
 
Dei to andre institutta vert bedne om snarast råd å sende inn fullstendige sensorlister for godkjenning.
 
 
SAK 10/01: JUSTERING AV BUDSJETT OG MÅLTAL
 
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
 
1. Måltala for institutta vert etter justering slik for år 2001: Institutt for kristendomskunnskap og kyrkjefag 182,5 heiltidsekvivalentar, institutt for sosialfag 289,5 heiltidsekvivalentar, og institutt for kommunalfag 136,5 heiltidsekvivalentar.
2. Institutta får auka si budsjettramme i samsvar med auka måltal. Tilbakeførte måltal gjevast faktor 1 i avdelinga sin interne budsjettfordelingsmodell.
3. Kontorsjef får i samråd med den einskilde instituttleiar fullmakt til å postere dei ekstra budsjettmidlane som følgjer av saka.
 
 
 
 
 
 
Torrey Seland                                                                 Kjell-Einar Dagfinrud
dekanus                                                                          kontorsjef
 

 



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Barbro Bjøringsøy 26.02.2003
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning