|
Protokoll frå møte i Avdelingsstyret 24.04.2001 kl. 13.15-15.00 på Strøm 314
Til stades: Torrey Seland, Cecilie Wilhelmsen (ref.), Alf Roger Djupvik, Sveinung Dimmen, Klaus Egge, Elfrid Sundnes Joa, Birger Inge Jacobsen, Nils Magne Magerøy, Per Magne Aadnanes, studentrepresentantane Jannicke Nordbø og Liz Camilla Malzev Melde forfall: Tor-Johan Ekeland (ingen av vararepr. kunne møte), Gerd Fløde Bjørlo (vara kunne ikkje møte), Kjell Einar Dagfinrud (vara Cecilie Wilhelmsen), Håkon Bø (vara Elfrid Sundnes Joa), Lillian Helene Brusdal
Referatet frå førre møte vart godkjent utan merknadar.
Merknadar til innkalling og sakliste: Ingen.
Orienteringssaker: a) Søknad om driftsmidlar til mastergradseininga livsløpsperspektiv i samfunnsplanlegging b) Søknad om omstillingsmidlar c) Rekrutteringsstipendprogram- kvinneprofessorat d) Notat om administrative ressursar og stillingsheimlar ved avdeling for samfunnsfag e) Høgskulestyresaker f) Internasjonaliseringstiltak: · Institusjonsbesøk til Aberdeen · Studietur til Danmark · Studietur til Irland · Studietur til Nairobi og Mombasa · Representasjon i Nordisk samarbeidsorgan for sosialarbeidarutdanningar
g) Orientering om det administrative utviklingsprosjektet ved HVO
Protokolltilførsel frå Alf Roger Djupvik til pkt. d) Notat om adm. ressursar og stillingsheimlar ved avdeling for samfunnsfag.
”Institutt for sosialfag ber om at institutta vert handsama likt når det gjeld finansieringa av studiekoordinatorar / studiekonsulentar som arbeidar inn mot det enkelte institutt”.
SAK 11/01: GODKJENNING AV STUDIEPLANAR
Torrey Seland kom med flg. tilleggspresisering til studieplan ALKRL – Kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering 1, 10 vt.:
”Før studieplanen vert godkjent skal forprøvens plass innan eksamensprøven klargjerast”. Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
Reviderte fagplanar for følgjande studium ved Institutt for kristendomskunnskap og kyrkjefag, for studieåret 2001/2002, vert godkjende, med presisering av forprøve for ALKRL.
KYKRG – Kristendomskunnskap grunnfag 20 vt KYKRM - Kristendomkunnskap mellomfagstillegg 10 vt KYPK2 - Praktisk-kateketisk utdanning årsstudium 20 vt PPU - Praktisk-pedagogisk utdanning – Fagplan for fagdidaktikk i religion, kristendomskunnskap, livssynskunnskap og filosofi. ALKRL – Kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering 1, 10 vt ALKRL 2 – Kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering 2, 10 vt Kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering 1 (VU 1), 10 vt (vidareutdanning/ fjernundervisning) Kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering 2 (VU 2), 10 vt (vidareutdanning/ fjernundervisning) FLREL – Religion og etikk 4 vt
SAK 12/01: OPPNEMNING AV SENSORAR
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
Framlagde planar for sensorar for våren 2001, for Institutt for kristendomskunnskap og kyrkjefag, og Institutt for kommunalfag, vert godkjende.
SAK 13/01
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
1. Postbudsjett for Institutt for kommunalfag vert vedteke i samsvar med vedlegg 2 til denne saka, og med den merknad til post 750242 som går fram av saksutgreiinga ovanfor. 2. Avdelingsleiinga blir bedne om å avklare kvar ulike typar utgifter knytte til nettbaserte undervisningstilbod skal budsjetterast og rekneskapførast.
SAK 14/01: ENDRING I HJELPEMIDDELINSTRUKS FOR EKSAMEN
Jannicke Nordbø kom med flg. framlegg:
”Saka vert utsett”.
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
Saka vert utsett.
SAK 15/2001: OPPNEMNING AV REPRESENTANT TIL UTVAL FOR FORSKINGSDAGANE
Forslag frå Torrey Seland: Kåre Heggen vert vald. Tilleggsforslag frå Cecilie Wilhelmsen: Alf Roger Djupvik vert vararepresentant.
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak: Kåre Heggen er vald med Alf Roger Djupvik som vararepresentant.
SAK 16/2001: OPPNEMNING AV REPRESENTANT TIL REDAKSJONSUTVAL FOR FORSKDOK
Forslag frå Cecilie Wilhelmsen: Torrey Seland vert valt. Tilleggsforslag frå Torrey Seland: Alf Roger Djupvik vert vararepresentant.
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
Torrey Seland er vald med Alf Roger Djupvik som vararepresentant.
SAK 17 /2001: AVDELINGSSEMINAR
Dekanus ønskte at avdelingsstyret tok ei drøfting av, og gjorde vedtak om · I kva grad det er ønskjeleg med slike seminar · Kva som bør være tematikken på det eventuelt førstkommande · Kva tidspunkt vil eventuelt vere best i haust; (byrjinga av oktober)
Avdelingsstyret var samstemte i at · Det var ønskjeleg å arrangere årlege avdelingsseminar · Flg. forslag til tematikk kom fram: - FOU, forskingsprosjekt og forskingsstrategiar - Mastergradar / ”byggje bru” mellom institutta - Internasjonalisering - Undervisningsformer - Kollegarettleiing / studentrettleiing - Stortingsmelding 17 / studiekvalitet · Byrjinga av oktober er ønskjeleg tidspunkt
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
AU arbeider vidare med sikte på seminar i oktober
Torrey Seland Cecilie Wilhelmsen dekanus studiekoordinator/1.konsulent (for Kjell E. Dagfinrud)
|