|
Oppmelding til ordinær eksamen Oppmelding til ordinær eksamen skjer normalt i Studentweb. Oppmeldingar blir registrert ved godkjenning av utdanningsplan eller ved semesterregistrering.
Oppmelding til utsett og ny eksamen Oppmelding til utsett og ny eksamen kan ikkje gjerast i Studentweb, men skal i staden gjerast på skjemaet du finn nedanfor. Skriv ut skjemaet, fyll det ut og send det til Studentkontoret (adressa står på skjemaet). Frist for oppmelding går fram av skjemaet.
Oppmelding til privatisteksamen Privatistar må bruke eige skjema for å melde seg til eksamen. Dette gjeld berre studentar som ikkje har studierett på det studieprogrammet eksamenen høyrer til. Ver merksam på at det er knytt eigne gebyr til avviklinga av privatisteksamen. For meir informasjon, ta kontakt med oss på sorvistorget@hivolda.no eller tlf. 70 07 50 18.
* Skjemaet er i pdf-format, og kan lesast med Acrobat Reader. Du kan laste ned Acrobat Reader ved å klikke her. Du kan også kontakte studentkontoret for å få sendt søknadsskjema.
|