Skriv ut Sideoversikt |  


Søk etter studium
Studietilbod 07-08
Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden


For studentar / Eksamen / Sensur og klage /

Sensur og klage

Sensur / karakterinformasjon
Karakteren din finn du i Studentweb eller ved å kontakte Studentkontoret. Sensurfristen er normalt 3 veker.

Grunngjeving
Fristen for å be om grunngjeving for ein eksamenskarakter er 3 veker frå sensuren er kunngjort (dvs. frå det tidspunktet karakteren er registrert i vårt studieadministrative system). Spørsmål om grunngjeving skal normalt rettast til Studentkontoret.

Skjema for grunngeving av eksamenskarakter (PDF-fil)*

Klage
Fristen for å klage på ein eksamenskarakter er 3 veker etter at sensuren er kunngjort. Dersom ein student har bedt om grunngjeving for ein karakter er klagefristen utvida til 3 veker etter at studenten mottok grunngjevinga. Klager skal vere skriftlege og retta til Studieadministrasjonen. Sensurfristen ved klagesensur er 3 veker.

Det er ikkje høve til å klage på vurderinga ved munnlege/praktiske eksamenar. I desse tilfella må også spørsmål om grunngjeving kome umiddelbart etter eksamenen/prøva.

Skjema for klage på eksamenskarakter (PDF-fil)*

Utfyllande informasjon om klagereglementet finn du i Universitets- og høgskulelova og i Eksamensforskrifta for Høgskulen i Volda (sjå "Reglement" i menyen til venstre).

* Skjemaet er i pdf-format, og kan lesast med Acrobat Reader. Du kan laste ned Acrobat Reader ved å klikke her. Du kan også kontakte studentkontoret for å få sendt søknadsskjema.



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Studentkontoret ved Høgskulen i Volda 25.07.2006
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning