|
Protokoll frå møte i Avdelingsstyret 29.01.2001 kl. 13.15-15.30 på Strøm 314
Til stades: Torrey Seland, Kjell-Einar Dagfinrud, Håkon Bø (ref.), Sveinung Dimmen, Klaus Egge, Birger Inge Jacobsen, Per Magne Aadnanes, Jan Einar Flø (3. vara SOS) studentrepresentantane Trygve Andresen, Marit Solhaug
Melde forfall: Alf Roger Djupvik, Tor-Johan Ekeland, Nils Magne Magerøy, ekstern representant Gerd Fløde Bjørlo. Ekstern vararepresentant Bente Humberset Nerbøvik vart innkalla, men hadde ikkje høve til å møte.
Referatet frå førre møte vart godkjent utan merknadar.
Merknadar til innkalling og sakliste: Ingen.
Orienteringssaker
a) Rekneskap HVO
b) SIP
c) HVO-styresaker
d) Studier med start våren –02
e) Marknadsføringsprosjekt
f) Kombinerte trygdestudier
g) Kandidatundesøkjinga
h) Internasjonalisering
i) Tildeling av midlar til gjennomføring av kvalitetsreforma
j) Arbeidet med kvalitetsreforma
k) Godkjent kurs i ”Kyrkjeleg leiing”
SAK 01/02: MÅLTALSJUSTERING, STUDIETILBOD OG BUDSJETTNEDDELING FOR ÅR 2002
Klaus Egge kom med følgjande tilleggsframlegg til punkt 3:
”I tillegg bør det takast omsyn til mangelen på stordriftsfordeler som kjenneteiknar deler av utdanningane som avdelinga har ansvar for, såleis at der vert gjeve noko kompensasjon. Dessutan bør der leggjast inn ein korreksjon for parallelle kurstilbod.”
Dette framlegget fall med 5 mot 4 røyster.
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
- Nye måltal og resultatkrav for budsjettåret 2002 for institutta vert: Sosialfag 286 heiltidsekvivalentar, kommunalfag 135 heiltidsekvivalentar, og kristendomskunnskap og kyrkjefag 181 heiltidsekvivalentar.
- Studietilbodet for år 2002 vert som i vedlegg 2 til denne saka.
- Avdelingsstyret sluttar seg til å vidareføre hovudprinsippa i budsjettneddelinga ved avdeling for samfunnsfag.
- FoU-delen av budsjettet vert sett til kr. 1 250 000 for år 2002.
- Sosialfaga får tildelt kr. 7 637 569, kommunalfag kr. 3 762 912, og kristendomskunnskap og kyrkjefag kr. 5 012 519. Desse instituttrammene inkluderer vikarstipendmidlar. Fellesnivået vert budsjettert med kr. 850 000.
- Det vert sett av kr. 253 000 i omstillingsmidlar på fellesnivået.
- Dei instituttvise rammene skal justerast innbyrdes etter at endeleg lønnsbudsjett er sett opp. Kontorsjef får fullmakt til å gjennomføre dette.
- Kontorsjef får fullmakt til å justere budsjetta i samsvar med eventuelle inndragingar og nye driftsmidlar i løpet av budsjettåret.
- Avdelingsstyret ber om at alle budsjettnivå kjem med framlegg til postbudsjett til neste avdelingstyremøte. Postbudsjettet skal også inkludere evt. overføringar og påreknelege inntekter i budsjettåret.
SAK 02/02: INNSPEL TIL BUDSJETTFRAMLEGGET FOR 2003 - POST 45
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
Avdelingsstyret prioriterer søknad på post 45 for år 2003 slik:
Bygging av «Torg» i 3. etasje, Strøm-huset: kr 300 000,-
Torrey Seland Kjell-Einar Dagfinrud
dekanus kontorsjef
|