|
Protokoll frå møte i Avdelingsstyret 12.03.2002 kl. 13.15-15.10 på Strøm 314
Til stades: Torrey Seland, Kjell-Einar Dagfinrud, Sveinung Dimmen, Klaus Egge, Birger Inge Jacobsen, Per Magne Aadnanes, Alf Roger Djupvik, Elfrid Sundnes Joa, ekstern representant Gerd Fløde Bjørlo
Melde forfall: Håkon Bø, Tor Johan Ekeland, Nils Magne Magerøy
Merknadar til protokoll, innkalling og sakliste: Ingen.
Orienteringssaker
a) Aktuelle HVO-styresaker
b) Avslutning av samarbeidet om kombinerte trygdestudium
c) Oppstart av studieeininga i kriminalitetsførebygging.
d) Saldering av underskotet på prosjektet knytt til utvikling av mastergrad
e) Konferanse i kyrkjeleg undervisning
f) Marknadsføring av grunnstudia - visningsavtale
g) Revisjon av høgskulens budsjettmodell
h) Internasjonalisering
i) Søknad om dekning av lønnsutgiftene ved studiekonsulentordninga ved ASF j) Rådgjevingstenesta for studentar – rapport (siste side i rapporten hadde falle ut under kopiering og vart omdelt på møtet.)
SAK 03/02: HØRING OM UTKAST TIL FORSKRIFT FOR MASTERGRADER
Avdelingsstyret peika på at det bør presiserast i forskrifta at 2-årig utdanning kan inngå i grunnlaget for opptak til mastergrad, men ikkje danne slikt grunnlag åleine. Med denne presiseringa og ønske om at dekanus innarbeidar ein innleiande generell merknad slutta avdelingsstyret seg samrøystes til framlegget til uttale.
SAK 04/02: GODKJENNING AV REVIDERT STUDIEPLAN FOR MASTERMODULEN ”KRIMINALITETSFØREBYGGING I EIT SAMFUNNSPLANLEGGINGSPERSPEKTIV”
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
Revidert studieplan for mastermodulen ”Kriminalitetsførebygging i eit samfunnsplanleggingsperspektiv” vert godkjent.
SAK 05/02: POSTBUDSJETT FOR ÅR 2002 VED AVDELING FOR SAMFUNNSFAG
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
- Postbudsjett for institutt for sosialfag vert vedteke i samsvar med vedlegg 2.
- Postbudsjett for institutt for kristendomskunnskap og kyrkjefag vert vedteke i samsvar med vedlegg 3
- Postbudsjett for institutt for kommunalfag vert vedteke i samsvar med vedlegg 4 .
- Postbudsjett for fellesnivået vert vedteke i samsvar med vedlegg 5.
SAK 06/02: GODKJENNING AV SENSORAR
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
Avdelingsstyret godkjenner framlegget til sensorar ved Institutt for sosialfag i samsvar med oversikta over.
SAK 07/02: RETNINGSLINJER FOR OVERHEAD – HØYRING
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
ASF sluttar seg til retningslinene med følgjande atterhald:
1. At ordninga berre gjeld nye avtalar, og med verknad tidlegast frå budsjettåret 2003.
2. At det vert frigjort budsjettmidlar knytt til fellesutgifter som kan tilførast resultateiningane ved den ordinære budsjetteringa ved HVO for år 2003.
3. At satsen for ei avdeling si leige av kontor bør setjast til kr. 25 000 uavhengig av om det vert nytta av tilsett i permisjon eller av pensjonist.
Torrey Seland Kjell-Einar Dagfinrud
dekanus kontorsjef
|