|
Protokoll frå møte i Avdelingsstyret 01.10.2002 kl. 13.15-14.50 på Strøm 314
Til stades: Torrey Seland, Håkon Bø (ref.), Sveinung Dimmen, Alf Roger Djupvik, Klaus Egge, Per Halse (1. vara KKF), Ingun Klepp (1. vara SOS), Øyvind Standal (vara mellombels tilsette, frå kl. 14.15) og studentrepresentant Marit Solhaug
Melde forfall: Kjell-Einar Dagfinrud, Tor-Johan Ekeland, Birger Inge Jacobsen, Hildegunn Valen, Per Magne Aadnanes, ekstern representant Gerd Fløde Bjørlo
Vararepresentant for Gerd Fløde Bjørlo var innkalla, men kunne ikkje møte.
Fråverande: studentrepresentantane Trygve Andresen og Rebekka Aaberg
Referatet frå førre møte vart godkjent utan merknadar.
Merknadar til innkalling og sakliste: Ingen.
Orienteringssaker
a) Oppnemning av studiekvalitetsgruppe b) Utsetjing av avdelingsseminar c) Internasjonalisering d) Opptaket e) Prosjektet "Ungdom - Tjeneste - Utdanning" f) Konferanse: Kyrkjeleg undervisning og utdanning g) Orientering frå konferanse på Loen h) Saker frå styremøte ved HVO 20.09.
SAK 19/02: PLAN FOR KURS I PROSESSLEDELSE OG PROSESSKUNNSKAP I PLAN- OG UTVIKLINGSARBEID
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
Avdelingsstyret rår til at kursplanen for "Prosessledelse i plan og utviklingsarbeid" vert godkjend som eit studium på bachelornivå (grunnstudium) på 10 studiepoeng under føresetnad av at eksamensordning og pensum vert nærare skissert.
SAK 20/02: GODKJENNING AV SENSORAR
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
Sensorplan for haustsemester 2002 for Institutt for sosialfag vert godkjent.
SAK 21/02: SØKNAD OM STRATEGISKE MIDLAR
Øyvind Standal kom under handsaming av denne saka.
Avdelingsstyret gjorde slikt vedtak med 6 mot 3 røyster:
Avdelingsstyret rår til at det ikkje vert løyvd midlar til gjennomføring av besøk i Kenya i perioden 10.11.-20.11.
SAK 22/02: MØTEPLAN FOR STUDIEÅRET 2002-2003
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
Det vert fastsett slik møtekalender
2002: 01.10 -12.11 - 17.12 2003: 11.02 - 08.04 - 17.06
Møta startar kl.13.15 på møterom S-314, om ikkje anna er opplyst.
| Torrey Seland |
Håkon Bø |
| dekanus |
fung. kontorsjef |
|