|
Protokoll frå møte i Avdelingsstyret 12.11.2002 kl. 13.15-16.10 på Strøm 314
Til stades: Torrey Seland, Kjell-Einar Dagfinrud, Håkon Bø (ref.), Sveinung Dimmen, Alf Roger Djupvik, Klaus Egge, Birger Inge Jacobsen, Birger Løvlie (2. vara KKF), ekstern representant Gerd Fløde Bjørlo og studentrepresentant Marit Solhaug
Melde forfall: Tor-Johan Ekeland, Hildegunn Valen, Per Magne Aadnanes. Vararepresentantane for Tor-Johan Ekeland og Hildegunn Valen var innkalla, men kunne ikkje møte.
Fråverande: studentrepresentantane Trygve Andresen og Rebekka Aaberg
Referatet frå førre møte vart godkjent utan merknadar.
Merknadar til innkalling og sakliste: Ingen.
Orienteringssaker
a) Seminar kyrkjeleg undervisning og utdanning b) Overgang til nettobudsjettering c) Budsjett- og rekneskapsstatus 2002 d) Fordeling av midlar til fleksible studietilod
SAK 23/02: BUDSJETTFORDELING VED ASF - FRAMGANGSMÅTE
Klaus Egge kom med følgjande framlegg til nytt punkt 5:
5. Avdelingsadministrasjonen bør greie ut om eksamenskostnadene ved institutta, ut frå gjeldande studieplanar og studenttal.
Det vart røysta punktvis. Punkta 1, 3 og 4 vart samrøystes vedtekne. Punkt 2 vart vedteke med 7 mot 2 røyster. Punkt 5 vart vedteke med 7 mot 2 røyster.
Avdelingsstyret gjorde slikt vedtak:
Avdelingsstyret går inn for at følgjande hovudprinsipp vert lagt til grunn ved den interne fordelinga av budsjettet ved avdelinga:
1. Elementa i HVO sin interne budsjettmodell skal i hovudsak leggast til grunn. 2. Det må setjast av midlar til fellesføremål om lag på same nivå som før. 3. Det må setjast av midlar på fellesnivået til å dekke dei administrative lønnskostnadane. 4. Ingen av grunneiningane skal nominelt få lågare rammeløyving i år 2003 enn i år 2002. 5. Avdelingsadministrasjonen bør greie ut om eksamenskostnadene ved institutta, ut frå gjeldande studieplanar og studenttal.
SAK 24/02: REVIDERT VERKSEMDSPLAN FOR ASF
Klaus Egge kom med følgjande framlegg:
1. Dokumentet må språkleg gjennomgåast for å fjerne tvetydigheter og bli utforma som ein handlingsplan. 2. Nytt framlegg må gå til institutta til fråsegn.
Dette framlegget fall med 5 mot 4 røyster (inkl. dekanus si dobbelrøyst).
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
Utviklingsplanen for ASF for 2003 vert godkjent med dei merknadar som blei lagt fram i møtet.
SAK 25/02: SENSURPLAN FOR ASF
Det vart røysta punktvis. Punkta 2 og 3 vart samrøystes vedtekne. Punkt 1 vart vedteke med 8 mot 1 røyst.
Avdelingsstyret gjorde slikt vedtak:
1. Sensurplan for institutt for sosialfag for studieåret 2002 2003 vert godkjent.
2. Sensorplan og sensurplan for haustsemesteret 2002 for institutt for kristendomskunnskap og kyrkjefag vert godkjent.
3. Sensorplan og sensurplan for haustsemesteret 2002 for institutt for planlegging og administrasjon vert godkjent.
SAK 26/02: STUDIEPLAN - UNGDOM - TENESTE - UTDANNING (UTU)
Framlegg frå dekanus Torrey Seland:
1. Studieplanen vert sendt tilbake til institutt for kristendomskunnskap og kyrkjefag for vidare omarbeiding.
2. Dekanus får fullmakt til å godkjenne studieplanen.
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
1. Studieplanen vert sendt tilbake til institutt for kristendomskunnskap og kyrkjefag for vidare omarbeiding.
2. Dekanus får fullmakt til å godkjenne studieplanen.
SAK 27/02: INVESTERINGSPLAN
Framlegg frå dekanus Torrey Seland:
Avdelingsstyret prioriterer desse investeringsbehova for år 2003:
| 1. Bygging av "Torg" i 3. etasje, Strøm-huset: |
|
kr 300 000,- |
| 2. Datautstyr, paviljongane |
|
kr 240 000,- |
| 3. Datautstyr, Strøm-huset: |
|
kr 373 000,- |
| |
Berbare datamaskiner kr 333 000,- |
|
| |
Trådlaust nettverk kr 40 000,- |
|
| 4. Fastmonterte videokanonar: |
|
kr 80 000,- |
| 5. Skrivar, Strøm 3. etg.: |
|
kr 15 000,- |
| Sum |
|
kr 1 008 000,- |
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
Avdelingsstyret prioriterer desse investeringsbehova for år 2003:
| 1. Bygging av "Torg" i 3. etasje, Strøm-huset: |
|
kr 300 000,- |
| 2. Datautstyr, paviljongane |
|
kr 240 000,- |
| 3. Datautstyr, Strøm-huset: |
|
kr 373 000,- |
| |
Berbare datamaskiner kr 333 000,- |
|
| |
Trådlaust nettverk kr 40 000,- |
|
| 4. Fastmonterte videokanonar: |
|
kr 80 000,- |
| 5. Skrivar, Strøm 3. etg.: |
|
kr 15 000,- |
| Sum |
|
kr 1 008 000,- |
| Torrey Seland |
Kjell-Einar Dagfinrud |
| dekanus |
kontorsjef |
|