Skriv ut Sideoversikt |  


Søk etter studium
Studietilbod 07-08
Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden


For studentar / Regelverk /

Retningsliner for netteksamenar i Classfronter

Nemningar brukt i dette dokumentet
Når ein nyttar omgrepet ”fellesromet” i retningslinene er dette eit omgrep som kan variere frå studium til studium. Plenumsrom, fellesrom, klasserom m.m. er den typen rom vi snakkar om her, ikkje grupperom, basisgrupperom el.l. Med ”eksamensmappe” meiner ein innleveringsmapper for alle typar oppgåver som går til sensur.

Utdeling av eksamensoppgåver
All naudsynt informasjon om eksamensavviklinga vil ligge i eksamensmappa i fellesromet i Classfronter. Dette gjeld uavhengig av eksamensform (døme på ulike eksamensformer er skriftleg eksamen og mappeinnlevering). Oppgåveteksten finn du øvst i mappa der du skal levere eksamenssvaret ditt. I eksamensmappa skal du også finne retningsliner for Classfronter-eksamenar og obligatorisk eigenmelding om kjeldebruk (sjå nedanfor).

Obligatorisk informasjon i alle eksamenssvar
I starten av kvart eksamenssvar skal fylgjande informasjon stå:

  • Namn på studenten, studentnummer evt fødselsdato
  • Studieprogram
  • Emnekode/emnenamn og oppgåvenummer/oppgåvetittel
  • Gjeldande semester
  • Tal på sider

NB! Denne sida erstattar framsida som skal ligge ved eksamenssvar ved papirinnlevering.

Filnamn på eksamenssvar
For å sikre at kvart eksamenssvar kan knyttast til rett person, MÅ du gje fila du leverer eit namn slik:

Mønster: Etternavn_Fornavn_emnekode_emnenamn_kandidatnummer_eventuellinformasjon
Døme:   Nordkvinne_Kari_IKT115A_prosjektoppgave_107_fil1av3

Legg merke til at filnamnet i dømet ikkje inneheld bokstavane æ, ø eller å, og at det heller ikkje er brukt mellomrom (bruk bindestrek eller understrek i staden). Emnekode, emnenamn og kandidatnummer finn du i Studentweb under Innsyn -Eksamensmelding. OBS ! Kandidatnummeret er unikt for kvar eksamen.

Framgangsmåte for innlevering
Eksamenssvar skal leverast i gjeldande eksamensmappe i Classfronter, innan utgangen av innleveringsfristen. Når innleveringsfristen går ut blir mappa stengd for innleveringar, men studentane vil likevel ha tilgang til å sjå på sitt eige eksamenssvar.

Les meir om framgangsmåte for innlevering her.  

Vi viser elles til brukardokumentasjonen for Classfronter, som du finn lenkje til på innloggingssida til Classfronter.

Kontroll av innleveringa
Det er studenten sitt ansvar å levere oppgåva i Classfronter i samsvar med retningslinene i punktet ”Framgangsmåte for innlevering”. Det er også studenten sitt ansvar å kontrollere at eksamenssvaret er lagt inn i den gjeldande eksamensmappa. For å sjekke dette gjer du fylgjande:

  • Gå inn i eksamensmappa på nytt. 
  • Dersom du no ser at eksamenssvaret ditt ligg i mappa og du kan opne og lese det, er innleveringa vellukka.

Du får inga særskild kvittering for at eksamenssvaret er motteke.

Obligatorisk eigenmelding om kjeldebruk
Det skal sendast inn ei obligatorisk eigenmelding for kvart emne. Eigenmelding kan sendast pr. post til eksamenskontoret eller leverast på Studentkontoret i Berte Kanutte-huset.

Obligatorisk eigenmelding om kjeldebruk (Word-format)

Obligatorisk eigenmelding om kjeldebruk (PDF-format)

Sjølv om det er tillate å bruke alle tilgjengelege hjelpemiddel under eksamen, føreset ein at alle eksamenssvar er sjølvstendige arbeid. Bruk av sitat frå lærebøker uten kjeldetilvising eller andre brot på denne føresetnaden (til dømes å la andre skrive eksamenssvaret for seg), kan verte råka av universitetslova sine reglar om fusk, med dei reaksjonane som følgjer. Det same kan andre forhold som fell inn under omgrepet fusk.

Faglege eller tekniske spørsmål ved eksamensavviklinga
Alle faglege og tekniske spørsmål ved eksamensavviklinga skal gå til eksamenskontoret/hjelpetenesta for Classfronter: 

  • Telefon: 70 07 50 49 (Hjelpetenesta) eller 70 07 50 00 (sentralbordet)
  • E-post: hjelp@hivolda.no

Her vil du enten få svar på spørsmålet ditt umiddelbart, eller bli sett over til rett person.

Teknisk utstyr
Alle tekniske forhold ved eksamensavviklinga, slik som til dømes svikt i studenten sitt tekniske utstyr eller ustabil/manglande tilgang til Internett, er studenten sitt ansvar. Forhold som har ført til forseinkingar i eksamensavviklinga og som kan dokumenterast, kan gi grunnlag for utsetjing av fristen. Eksamenskontoret er ansvarleg for handsaminga av slike søknadar.



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Studentkontoret ved Høgskulen i Volda 05.09.2005
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning