Skriv ut Sideoversikt |   



Studietilbod 05-06
Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden


For studentar / Regelverk /

Reglement for studentframmøte

(Vedteke i styret v/HVO, sak 34/96 i møte 18.04.96)

1. Det er ikkje generell frammøteplikt til studium ved HVO. Fag- og studieplanar syner kva undervisning, aktivitetar og arbeidsoppgåver som krev obligatorisk frammøte/deltaking og korleis denne fordeler seg over studieåret. Obligatoriske plikter kan skifte etter faget/studiet sin eigenart; målsetjing, innhald, arbeidsmåtar og evalueringsordningar.

2. Frammøtekravet er til vanleg 80 % i obligatoriske studiedelar/aktivitetar. I særlege høve kan andre frammøtekrav praktiserast. Slike ordningar skal godkjennast av styret. Ved fråvær mellom 20 og 30 % vil avdelinga pålegge studenten ekstra prøving, innlevering av ekstra oppgåver el.liknande. Ved fråvær over 30 % vil det bli kravd at emnet/faget/studiet skal takast på ny.

3. Studenten må sjølv halde seg orientert om fråværet sitt. Fag-/studieplanar skal opplyse om konsekvensane av manglande deltaking. Studenten skal varslast om eventuelle sanksjonar, jf. § 16 i Forvaltningslova.

4. Etter nærare søknad til avdelinga kan studenten få fritak frå obligatorisk frammøte/deltaking for å kunne ivareta valde tillitsverv i styringsskipnaden v/ HVO.

5. Studenten vert årleg gjort kjent med frammøtereglementet gjennom høgskulen si studenthandbok.



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Sundnes Jonny Roar 07.03.2003
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning