Skriv ut Sideoversikt |  


Søk etter studium
Studietilbod 07-08
Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden


For studentar / Regelverk /

Retningsliner for fagutval for sikring av studiekvaliteten ved kvar studieeining

Retningslinjer for fagutval ved HVO

  1. Alle studentar skal ha tilknyting til eit fagutval. Avdelingsstyret avgjer kva einingar som skal ha fagutval. På einingar der desse retningslinjene ikkje er praktisk mogleg å gjennomføre (dette kan til dømes gjelde nettstudium, deltidsstudium eller desentraliserte studium) avgjer avdelingsstyret alternativ organisering av fagutvalsarbeidet. 
  2. Fagutvalet er sett saman av minimum ein (1) fagtilsett og minimum to studentrepresentantar.
  3. Studentrepresentantane skal velgast av studentane.
  4. Fagutvala skal vere oppretta seinast 6 veker etter semesterstart. Studenttinget (STIV) skal ha informasjon om kven som er med i fagutvala så snart som råd, og seinast 1 veke etter konstitueringa.
  5. Kvart fagutval skal ha minimum to timeplanfesta møte i semesteret. Ein fagtilsett kallar inn til og leier møta. Ein av studentrepresentantane skal skrive referat.
  6. Fagutvala kan mellom anna ta føre seg følgjande område innafor studiet/emnet:
    • innhald
    • arbeidsmåtar og organisering
    • rettleiing
    • arbeidskrav
    • vurdering og eksamen
    • pensum
    • informasjon
  7. Godkjende referat vert sende til avdelingsleiinga/avdelingsutvalet for studiekvalitet for vurdering og eventuell vidare oppfølging.
  8. Det er ønskjeleg at leiarane for dei ulike fagutvala på kvar avdeling har minimum eitt møte per år for å ta opp saker det kan arbeidast med på tvers av fagutvala.
  9. Ein rapport med ein samanfatta analyse skal leggast lagt fram for avdelingsstyret ein gong per år. Rapporten skal sendast til studieutvalet, og går inn i årsrapporten for studiekvalitet ved HVO.



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Jonny Roar Sundnes 17.12.2004
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning