Skriv ut Sideoversikt |  


Søk etter studium
Studietilbod 07-08
Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden



 Kontakt
Høgskulen i Volda
Postboks 500,
6101 Volda

Telefon: 70 07 50 00
Telefaks: 70 07 50 51
Besøksadresse:
Joplassvegen 11, 6101 Volda

  Postmottak@hivolda.no
  Til kontaktsider



Ressursside for tilsette
For studentar / Regelverk /

Retningslinjer for eksamenskandidatar - under revisjon

Vedtekne av direktøren for Høgskulen i Volda, med grunnlag i Forskrift av 08. august 2002 om eksamen ved Høgskulen i Volda.

Skriftleg skuleeksamen:

1.      Kandidaten skal vere på plass i eksamenslokalet seinast 15 min. før eksamen tek til. Kandidaten skal ikkje ha anna enn skrivesaker, tillatne hjelpemiddel og mat på plassen sin. Alt anna som kandidaten tek med til eksamenslokalet, skal leggast på tilvist plass. Det skal ikkje skrivast noko før starttidspunktet for eksamen. Ein kandidat som kjem inntil 30 min. for seint til eksamen, skal vende seg til hovudvakta, og får gjennomføre eksamen utan ekstra tid dersom ingen andre kandidatar har forlate eksamenslokalet. Etter dette må kandidaten vende seg til eksamenskontoret.

2.      Kandidaten skal vise gyldig legitimasjon med foto. Samtidig med at kandidatnummer blir tildelt, skal kandidaten kvittere for frammøte. Privatistar må vise gyldig kvittering for betalt avgift.

3.      Eksamenstida skal vere opplyst på førehand gjennom fag- og studieplanar, og skal dessutan stå på eksamensoppgåva. Eksamenstida inkluderer også eventuell matpause. Når eksamenstida er over skal all skriving slutte. Kandidaten har då inntil 15 minutt ekstra til å fylle ut dei naudsynte felta på omslagsark og eksamensark, og skilje dei 3 eksamensarka ved bruk av gjennomslagspapir.

4.      Høgskulen brukar til vanleg eksamensark med gjennomslag. Eksamenssvara må difor skrivast med blå eller svart kulepenn. Dersom ein del av eksamenssvaret blir innlevert på kladdeark, er det opp til sensorane korleis dette vert vurdert. Ved levering av kladdeark, skal dei vere nummerert saman med dei andre arka.

5.      Under eksamen er kontakt mellom kandidatane forbode. Alle spørsmål skal rettast til eksamensvakta. Ein faglærar vil vere tilgjengeleg i løpet av den fyrste timen for å avklare eventuelle mistydingar i oppgåveteksta. Dersom ein kandidat har behov for pause, skal ho/han alltid ha fylgje med ei eksamensvakt. Kandidaten kan ikkje ha kontakt med nokon annan utanfor eksamenslokalet, heller ikkje via telefon eller anna kommunikasjonsutstyr. Ein eksamenskandidat kan ikkje forlate lokalet dei fyrste 30 minutta etter at eksamen har teke til.

6.      Ein kandidat som er sjuk og ikkje kan møte til eksamen, må straks seie ifrå til eksamenskontoret og sende legeattest snarast mogleg. Blir ein kandidat sjuk under eksamen, skal kandidaten kontakte hovudvakta slik at vakta kan gje permisjon. Sjukmelding må då vere levert/poststempla seinast påfølgjande yrkedag.

7.      Ein kandidat som vil levere eksamenssvaret, skal bli sitjande på plassen til alle papir  er kontrollerte og leverte og skal deretter straks forlate eksamenslokalet.

8.      Eit eksamenssvar som er levert, kan ikkje under noko omstende leverast ut igjen, endrast eller supplerast. Alt brukt og ubrukt papir skal leverast til kontroll.

9.      Kandidaten skal ta omsyn til andre i eksamenslokalet slik at det ikkje oppstår støy. Ved alvorlege ordensbrot kan ein kandidat bli bortvist frå eksamenslokalet.

10.  Ein kandidat som ikkje møter til eksamen, eller som trekkjer seg under eksamen, blir rekna som å ha brukt eitt forsøk. Ved trekk under eksamen, skal ein kontakte hovudvakta, fylle ut trekkskjema og så bli sittande til ein får permisjon.

11.  Etter eksamensforskrifta § 10 vert det ved særleg behov innvilga bruk av PC under eksamen. Då gjeld følgjande:

a.      kandidaten må ha elementær kjennskap til Windows og Word, og skal sjølv syte for lagring i to tilviste mapper, der den eine er sikkerheitskopi

b.      berre naudsynt programvare vil ligge på harddisk

c.      kandidaten får utlevert diskett for eventuell eigen kopi

d.      eksamenssvaret skal leverast til eksamenskontoret i utskrift påført kandidatnummer

e.      kandidaten skal kvittere på at han har sett seg inn i dette punktet (11 a-f)

Skriftleg eksamen utan tilsyn, t.d. heimeeksamen:

12.  Ferdige oppgåver skal leverast i 2 eksemplar med høgskulen sine omslag når ikkje anna går fram av oppgåveteksta eller er avtala ved oppgåveutdelinga.

13.  Eit eksamenssvar som er levert, kan ikkje utleverast, endrast eller supplerast.

14.  Oppgåvene må vere levert innan fristen som er sett. Sending av oppgåver i posten skal alltid vere avtala med eksamenskontoret på førehand, og det skal då leggast ved kvittering frå Posten med dato og klokkeslett for innlevering. Det er ikkje høve til å levere oppgåver på telefaks eller mail utan at dette er spesielt avtala på førehand. I slike tilfelle tek Høgskulen ikkje ansvar for eventuelle tekniske problem.

15.  Studenten skal levere eigenerklæring om korrekt kjeldebruk/-tilvising på eige skjema saman med eksamenssvaret.

Munnleg eksamen:

16.  Studenten skal møte opp eit kvarter før det tidspunktet han skal inn til munnleg høyring.

17.  Munnleg eksamen er normalt offentleg. Det vil seie at det er høve til å ha med seg følgje dersom ein ynskjer det.

Eksamen på nett:

18.  Høgskulen tilbyr ved ein del fag eksamen på internett. Det vert nytta ulike organiseringsformer og tekniske løysingar, og kandidatane får difor retningslinjer som gjeld spesielt for kvar eksamen.



Skriv ut  Skriv ut


Søk etter tilsette
Søk etter studentar
Utvida søk

 Aktuelt for studentar
Eksamensplan haust 2007
15.10.2007

Alle studentar må sjekke e-post frå Høgskulen
21.03.2007

Oppdatert av Gonnie Smit Løseth 30.03.2006
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning