Skriv ut Sideoversikt |  


Søk etter studium
Studietilbod 07-08
Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden


For studentar / Regelverk /

Retningslinjer for skriftleg eksamensarbeid - under revisjon

Eit eksamensarbeid levert ved Høgskulen i Volda skal følgje generelle reglar for vitskaplege arbeid. Det er viktig å dokumentere det ein har skrive ved tilvising til litteraturen ein har brukt. Slik kan andre etterprøve arbeidet og påstandane dine. Samstundes kan ansvaret for eventuelle feil i resonnement eller innhald falle over på den ein har henta opplysninga eller resonnementet frå.

Det er ulike metodar for å gi referansar, og det enkelte fagmiljøet kan gi ulik informasjon om dette. Men vi kan trekke fram nokre hovudreglar:

1. Alle sitat skal markerast tydeleg i teksta, og det skal visast til kjelda som er nytta. Eit lengre sitat bør ha innrykk i forhold til teksta elles. Sitat bør vere på originalspråket. Er det eit avbrot i eit sitat, skal dette visast med ... , medan [ ] vert nytta rundt tekst som er lagt til.

2. Ved bruk av ei kjelde utan direkte sitat, skal ein referere til denne kjelda i eksamensarbeidet. Det skal gå klart fram kvar ein har nytta kjelda i teksten. Dersom det er tvil om korleis dette skal gjerast, skal studenten avklare dette med fagmiljøet sitt.

3. Støttelitteratur og liknande kjelder som vert nytta som grunnlag for arbeidet utan at ein kan knytte kjelda direkte til deler av eksamensarbeidet, skal nemnast i litteraturlista. Litteraturlista skal innehalde minimum desse opplysningane om alle kjelder det er referert til i oppgåva:

o forfattar/ redaktør
o tittel på publikasjon/ del av publikasjon
o utgjevar
o årstal

 



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Gonnie Smit Løseth 30.03.2006
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning