|
Velkomen som søkjar til høgskulen i Volda - avdeling for lærarutdanning.
På Høgskulen i Volda vert du aktivt del i utviklinga av ei moderne lærarutdanning i prosjektet ”Nye læringsformer og nye roller - lærarstudenten i IKT-støtta læringsprosessar”.
Dette prosjektet er ein del av eit nasjonalt forskings- og utviklingsprosjekt i lærarutdanninga, PLUTO-prosjektet (Prosjekt LærerUtdanning med Teknologisk-pedagogisk Omstilling). Dette prosjektet er finansiert av ”Forskings- og kompetansenettverket for IT i utdanning (ITU) ved Universitetet i Oslo. Sentralt i dette prosjektet er utviking av nye arbeidsmåtar kor ein prøver ut og tar i bruk ny teknologi som ein integrert del av studiet og i studenten sine læringsprosessar. Vidare vil ein utprøve nye praksisordningar kor studenten får nær kontakt med praksisskolar og elevar gjennom heile studieåret.
Om prosjektet
Alle studentane i allmennlærarutdanninga vert organisert i basisgrupper på 4 studentar, der basisgruppa er den primære læringsgruppa i studiet. Kvar basisgruppe får ein fast rettleiar mellom dei tilsette lærarutdannarane på 1. årssteget. Basisgruppa vert også praksisgruppa i praksisopplæringa.
Studentane skal og arbeide sjølvstendig i større fora, der 5 basisgrupper vert sett saman til ei seminargruppe. Seminargruppa utgjer då ca. 20 studentar, og vil vere drøftingsfora for det arbeidet som går føre seg i basisgruppene. Med andre ord vil også arbeidet i seminargruppene vere prega av studentaktivitet og aktiv deltaking. Seminargruppene vil ha ein fagleg rettleiar knytt til det temaet/faget som det arbeidast med.
Plenum utgjer alle studentane på 1. årssteg. Plenum er forumet for forelesingar innanfor dei ulike tema eller fag.
Prosjektet har fokus på læring som sosial praksis kor IKT vert eit aktivt medium i læring og i dei endringsprosessane studentane tek del i. Høgskulen har gjort avtale med 9 praksisskular som vert knytt nært opp til studiet, også gjennom IKT. Desse skulane er knytt til PLUTO prosjektet i eit eige del-prosjekt, og tek del i utviklinga av nye praksismodellar kor studentane får ta del i arbeidet med integrering av IKT i læringsmiljøet i desse skulane.
· Som lærarstudent i Volda får du erfaring i å jobbe i team i studiet og vert knytt til ein skule og eit lærarteam gjennom heile studieåret.
· Læring gjennom Problembasert læring og prosjektarbeid er ein intensjon i grunnskulen, og ein realitet i den lærarutdanninga du får.
· IKT vert ein viktig arbeidsreiskap i kommunikasjon og læring i studiet
IKT vert ein integrert del i alt studiearbeid, og føreset at studenten aktivt tek IKT i bruk i eige læringsarbeid og i forpliktande deltaking i kommunikasjon gjennom heile studiet. Dette gjer at du vil få ei moderne og framtidsretta lærarutdanning kor du samtidig skaffar deg etterspurd IKT-kompetanse.
Avdeling for lærarutdanning har gjort store investeringar i nytt og tidsmessig IKT utstyr for studentane, men for å få ein størst mogeleg fleksibilitet og eit best mogeleg utbytte for den einskilde student tilrår vi at studentane kjøper sin eigen berbare PC.
Når du startar studiet vil du difor få eit gunstig tilbod om kjøp av berbar PC med trådlaus nettilgang og programvare. Studie- og arbeidsareala på avdeling for lærarutdanning og i biblioteket vil bli tilgjengelege for trådlaus oppkopling, og i samskipnadens hyblar er der vanleg nettilgang.
Roy-Asle Andreassen
|