Skriv ut Sideoversikt |  


Søk etter studium
Studietilbod 07-08
Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden


For søkjarar / Internasjonalisering / Før du drar /

Før du drar

Vurderer du eit studieopphald i utlandet. Her finn du gode råd - steg for steg!   



Start tidleg
Sjekk studieplanen din for å finne ut når du kan reise. Sjekk samarbeidsinstitusjonane på internasjonalt kontor sine websider. Kom innom oss for informasjon og rettleiing. Ver merksam på at fristar for å søke stipend, for å ta språktestar og for å søke opptak til utanlandske universitet eller høgskuler varierer frå eitt år i førevegen til nokre månadar. Det er difor lurt å starte prosessen så tidleg som råd.

Søk informasjon
Planlegginga av studieopphaldet i utlandet krev at du aller først avklarer viktige spørsmål for deg sjølv: Kvifor ønskjer du å dra ut og kva for fag ønskjer du å studere medan du er i utlandet? Kor ønskjer du å dra, når vil du dra og kor lenge vil du vere ute? Det er også viktig å ha avklart korleis utdanninga kan innpassast i den utdanninga du er i ferd å ta i Noreg. Lånekassen har skjerpa inn krava til dokumentasjon, og du må no kunne stadfeste at eit deltidsstudium ute kan inngå i ein norsk grad. Ta dette opp i utdanningssamtalen med din rettleiar. Du finn også mykje nyttig informasjon på nettet! 

Førehandsgodkjenning
Emna du skal ta ved den utanlandske lærestaden må godkjennast på førehand av HVO.
Hugs også å sjekke om utdanninga er godkjent.

Søk
Det er ikkje for seint å søke om du vil ut i vårsemesteret 2008! Ta kontakt med internasjonalt kontor snarast på tlf. 70075120 eller mail cw@hivolda.no !!!
 
Internasjonalt kontor hjelper deg med rettleiing og praktiske førebuingar til utanlandsopphaldet. Kalkuler med god tid til å skaffe naudsynte dokument og attestar. Søknadsfristen er som regel 15. mars for utveksling til Europa i haustsemesteret og 15. oktober dersom du ønskjer å dra på utveksling i vårsemesteret. Om du ønskjer utveksling til Australia, USA, Canada eller New Zealand må du gjerne starte eitt år i førevegen. Vi prøver å vere fleksible og hjelper deg også utover søknadsfristene, der dette er mogleg! 

Må du betale skulepengar
Du bør få avklart så tidleg som råd kvor mykje du eventuelt må betale i skulepengar ved dei aktuelle utdanningsinstitusjonane. I nokre tilfelle kan storleiken på skulepengane vere avgjerande for kor vidt planane kan realiserast eller ikkje.

Dersom du er Erasmus eller Nordplus-student skal du ikkje betale skulepengar. Ved Griffith University i Brisbane har vi to friplassar per studieår. Dersom det er fleire søkjarar vert det loddtrekning. Frist for å søkje friplass: 15. oktober og/eller 15. mars. Søknad sendast Internasjonalt kontor v. Cecilie Wilhelmsen: cw@hivolda.no. Etter fristen gjeld "først til mølla" -prinsippet.  

Finansiering
Når du har fått opptak ved den utanlandske lærestaden og stadfesting frå HVO på at opphaldet inngår som ein integrert del av studiet ditt i Noreg, kan du søke Lånekassen om lån og stipend. Du søker på nettet, men hugs å sende inn vedlegga.

Ein kan få skulepengestøtte med opptil 102 320 kronar per år til utdanning utanfor Norden. Skulepengestøtta er stipend og lån til heil eller delvis dekning av skulepenger/kursavgift. Dei første 52 320 kronene vert gitt med 70 prosent som stipend og 30 prosent som lån. Støtte utover dette vert gitt som lån, opptil en grense på maksimalt 102 320 kronar.

Semesteravgift
Ver merksam på at du må betale semesteravgift til Volda sjølv om du er i utlandet eitt semester eller to. Hovudgrunnen er at lånekassen krev at du skal vere registrert som aktiv student ved HVO, og at semesteret ute er å sjå på som ein del av graden din i Volda. Det har dessutan vist seg at det er godt å ha denne tilknytinga, m.a. når ein skal velje fag i komande semestre og for å halde seg oppdatert på kva som skjer heime. 

Omtrentlege semesterdatoar i ulike land
Når du skal planlegge eit semester eller meir ute er det godt å ha omtrentlege semesterdatoar å rette seg etter. Ver merksam på at oversikta er rettleiande og at semesterstart kan variere frå institusjon til institusjon i same land.

Ein stad å bu
Det er varierande tilbod mellom dei ulike utenlandske universita. Nokre garanterar studenthybel til utanlandske studentar. Andre overlatar dette heilt til studenten. Undersøk i god tid før avreise kva for tilbod som finst. 

Testar
Dei fleste utanlandske universitet krev at du har gode kunnskapar i undervisningsspråket. Undersøk om dei kev språktest. Nokre av dei engelskspråklege avtalepartnarane våre godkjenner karakteren 4 eller betre frå engelsk i vidaregåande. Dersom du må ta engelsktest, er IELTS den som er lettast å få tatt i Noreg. Dreg du gjennom utvekslingsprogramma, vert det normalt ikkje stilt språkkrav, men det å friske opp språkkunnskapane før du dreg, kan vere nøkkelen til suksess. Hugs at Lånekassen gir språkstipend for fire vekers førebuande språkkurs dersom du skal studere på eit anna språk enn engelsk.

  • Engelsk språk:IELTS test eller TOEFL - test
  • Fransk språk: Må dokumentere at du behersker fransk 
  • Spansk språk: Spania har gjerne opptaksprøver. Vend deg til Spanias ambassade for nærare informasjon.
    Fleire universitet i Spania forlangar språk-sertifikat frå "Instituto Cervantes" eller annan relevant organisasjon før en blir tatt opp
    2
  • Tysk språk: DSH (Deutsche Sprachprüfung für den Hochschulzugang ausländischer Studienbewerber)

Opphaldsløyve/visum
Undersøk om du treng visum til det landet du har tenkt deg. Søk om opphaldsløyve/visum gjennom landets ambassade/konsulat så snart du har fått opptaksbrev frå den utanlandske lærestaden. Dersom du dreg til eit anna EØS-land kan du vente med å søke om opphaldsløyve til du er kome til vertslandet.

Visum
Mange land krev visum. Sjekk også om dette gjeld det landet du ønskjer å dra til. Internasjonalt kontor kan hjelpe deg med oversikt!

Forsikring
Norske statsborgarar som studerer i utlandet med lån og stipend frå Statens lånekasse, er automatisk medlem av Folketrygda. Om du ikkje er norsk statsborgar eller ikkje har lån i Lånekassen, må du søke NAV om fortsatt medlemsskap i studietida. Utanlandsstudentar vil normalt ha rett til følgjande under utanlandsopphaldet:

* Utvida medisinsk stønad
* Sjukehjelp ved opphald i EØS-land
* Eingangsstønad ved fødsel
* Kontantstønad ved heimefødsel
* Gravferdsstønad og båretransport

Folketrygda dekkjer normalt ikkje heimtransport ved alvorleg sjukdom eller skade i utlandet. Det kan difor lønne seg å teikne ein privat hjemreiseforsikring. ANSA har forhandla fram ein forsikringspakke som er tilpassa studentar i utlandet.

Europeisk helsetrygdekort
Europeisk helsetrygdkort dokumenterer at du har rett til å få dekka utgifter til naudsynt medisinsk behandling når du oppheld deg mellombels i eit anna EØS-land eller Sveits. Du har rett til behandling på lik line med opphaldslandets borgarar. Kortet erstattar den tidlegare papirblanketten E 111. Det kan bestillast hos NAV.

Vaksinar
Ver tidleg ute for å sjekke om du treng særskilte vaksinar. Helsesøster i Volda oppmodar alle studentar ved HVO om å ordne mesteparten av dette i heimkommunen. Om du vil nytte helsetenesta i Volda, ver ute i god tid! Det kan vere kapasitetsproblem.

Internasjonalt studentkort
For å få bestille flybillett til studentpris må du ha eit internasjonalt studentbevis. Kilroy Travels utsteder ISIC (International Student Identity Card). Dette er eit internasjonalt kjent studentkort som i tillegg til rabattar på flybillettar gir deg ein mengd andre rabattar verda over, som til dømes på musear, busspass, restaurantar og liknande. For å få kortet må du kunne vise dokumentasjon på at du er fulltidsstudent og ha med passbilete.

Aktuelle stipend
Lånekassen
Norge-Amerika Foreningen
ANSA

Legatsiden
Legathåndboken
Norsk lysningsblad

Studentrapport
Alle studentar som har hatt utvekslingsopphold forpliktar seg til å lage ein skriftleg rapport som leverast internasjonalt kontor innan ein månad etter at opphaldet er avslutta. Erasmus-studentar skal rapportere på databasen IRIS. 

 



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Cecilie Wilhelmsen 30.10.2007
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning