Skriv ut Sideoversikt |  


Søk etter studium
Studietilbod 06-07
Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden


Om Høgskulen / Humanistiske fag / Fagmiljø/institutt / Historie /

Mappe-/prosessevaluering

Alle teoretiske historieemne (altså ikkje dei som har oppgåveskriving som hovudelement) blir evaluert ved hjelp av mappe- eller prosessevaluering (som altså erstattar tradisjonell skuleeksamen).

Prosesselementet følgjer av gruppeorganiseringa og dei arbeidsformene det er gjort greie for der. Det viktigaste er at alle studentar får tilbakemelding på innleverte arbeid og høve til å forbetre dei før karakter blir sett.

Opplegget slik det blir praktisert ved Historisk institutt er samansett av to komponentar: eit sett med arbeidskrav som blir samla i ei "arbeidsmappe" (digital, på Classfronter), og eit utval frå denne mappa som blir lagt over i ei "vurderingsmappe" og dannar grunnlaget for den endelege karakteren i emnet. Opplegget er felles for alle teoriemna.

Arbeidskrav

Studentane sitt arbeid gjennom heile semesteret blir lagt til grunn for vurderinga. Følgjande arbeidskrav er normalt lagt til kvart emne: 

  1. Skrive eit antal evalueringsoppgåveutkast frå sentrale tema i pensum i samsvar med nærare oppsette formkrav og framdriftsplan.
  2. Skrive kortare kommentarar (responsar) til utkast til evalueringsoppgåver for eit antal med­studentar.
  3. Fullføre ei eller fleire evalueringsoppgåver etter å ha fått kommentar frå medstudentar og/eller faglærar.
  4. Saman med den/dei ferdige evalueringsoppgåva/-ene levere eit kort refleksjonsnotat frå studiet.

Detaljane i arbeidskrava (tal på oppgåver, formelle krav til utforming m.m.) blir gjevne i eige skriv før kvart emne startar.

Alle arbeidskrav blir vurdert av faglærar til godkjent eller ikkje godkjent. Viss ein student får ikkje godkjent på eit av desse krava, får ho/han samstundes melding om kva som må til for å få kravet godkjent og ein ny frist for å levere forbetra oppgåve.

Komplett arbeidsmappe der alle krav er godkjente må leverast same semester som arbeidet er utført, for at studenten skal kunne gå opp til eksamen (levere dei dokumenta som skal evaluerast, gå opp til munnleg o.a. sluttprøve).

Munnleg prøve

Alle teoriemne har altså ei formulering om at ein del av studentane blir kalla inn til munnleg prøve. Dette skjer 1-3 veker etter leveringsfrist for skriftlege oppgåver, og kven som må møte blir kunngjort 3-5 dagar før dato for munnleg prøve. Instituttet kan vere fleksible når det gjeld tidspunkt for munnleg prøve. Studentar utanom regionen (Sunnmøre) får høve til å avlegge munnleg prøve pr telefon.

Vurdering og eksamen

Karakter i emnet blir fastsett på grunnlag av innhaldet i ei vurderingsmappe. Innhaldet i denne blir teke frå arbeidsmappa, og vil normalt bestå av ei/fleire ferdige evalueringsoppgåver og dei kommentarane (responsane) studenten har gjeve til andre studentar. Korleis desse elementa blir vurdert i høve til kvarandre (vekting) blir avgjort ved semesterstart.

Studentane må stå på alle delane av vurderinga - inkl. evt. munnleg - og får ein samla bokstavkarakter i kvart emne.



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Arnfinn Kjelland 12.08.2004
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning