|
Studentane sitt arbeid gjennom heile semesteret blir lagt til grunn for vurderinga i emnet. Følgjande arbeidskrav skal gjennomførast:
1. Skrive eit antal evalueringsoppgåveutkast frå sentrale tema i pensum i samsvar med nærare oppsette formkrav og framdriftsplan.
2. Skrive kortare kommentarar (responsar) til utkast til evalueringsoppgåver for eit antal medstudentar.
3. Fullføre ei eller fleire evalueringsoppgåver etter å ha fått kommentar frå medstudentar og/eller faglærar.
4. Saman med den/dei ferdige evalueringsoppgåva/-ene levere eit kort refleksjonsnotat frå studiet.
Detaljane i arbeidskrava (tal på oppgåver, formelle krav til utforming m.m.) blir gjevne i eige skriv før kvart emne startar.
Komplett arbeidsmappe må leverast til evaluering same semester som arbeidet er utført.
Arbeidskrava blir vurdert til godkjent/ikkje godkjent. Ein student som får ikkje godkjent på eitt eller fleire element i arbeidsmappa, får høve til å forbetre elementet til godkjent nivå same semester. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
Vurdering og eksamen
Karakter i emnet blir fastsett på grunnlag av innhaldet i ei vurderingsmappe. Innhaldet i denne blir teke frå arbeidsmappa, og vil normalt bestå av ei/fleire ferdige evalueringsoppgåver og dei kommentarane (responsane) studenten har gjeve til andre studentar. Evt. avsluttande prøve (munnleg eller skriftleg) blir kunngjort ved semesterstart. Det blir gjeve ein samla bokstavkarakter i emnet.
|