Skriv ut Sideoversikt |  


Lærarutdanninga
Humanistiske fag
Mediefag
Samfunnsfag
Ivar Aasen-instituttet
Biblioteket
Kontor for etter- og
   vidareutdanning

Internasjonalisering
Studentsamskipnaden
Nynorsksenteret


Om Høgskulen / Samfunnsfag / Om avdelinga / Avdelingsstyre / 2003 /

 

Protokoll frå møte i Avdelingsstyret 10.06.2003 kl. 13.15-15.05 på Strøm 314

 

Til stades:            Torrey Seland, Kjell-Einar Dagfinrud, Håkon Bø (ref.), Alf Roger Djupvik, Inge Dyrhol (1. vara IPA), Klaus Egge, Per Halse (1. vara RLK), Birger Inge Jacobsen, Hildegunn Valen,

 

                        Melde forfall: Sveinung Dimmen, Tor-Johan Ekeland, Per Magne Aadnanes. Vararepresentant sosialfag var innkalla, men hadde ikkje høve til å møte.

 

Fråverande:            ekstern representant Gerd Fløde Bjørlo, studentrepresentantane Marit Solhaug, Monica Villanger og Andre Gjelsvik

 

Referatet frå førre møte vart godkjent utan merknadar.

 

Merknadar til innkalling og sakliste: Ingen.

 

Saker meldt under ymse: Orienteringssak d) blir oppført som sak under Ymse.

 

Orienteringssaker

 

a)      Budsjettrevisjon sommaren 2003

b)      Opptaket

c)      Frå HVO-styret

d)      Personalsaker

e)      Studium i helsepedagogikk

f)        Samarbeidsavtale med HIBO om KRL2

g)      UTU-status

h)      Kriminalitetsforebygging 2003

i)        Oppretting av pris for godt læringsmiljø ved HVO

j)        Rapport frå studietur til USA

 

 

SAK 13/03: Måltalsgjennomgang     

 

Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:

 

1.      Nytt måltal ved ASF vert på 642 heiltidsekvivalentar fordelt slik på institutta:

ISF med 284+30+7,5=321,5 heiltidekvivalentar, RLK med 179+7,5=186,5 heiltidsekvivalentar, og IPA med 134 heiltidsekvivalentar.

2.      Måltalsauken ved ISF bør fordelast med 15 studentar på grunn-nivå, og 22,5 på masternivå.

3.      Måltalsauken ved RLK vert på masternivå.

4.      Ved IPA vert 15 ekvivalentar flytta frå grunn- til masternivå.

 

 

 

 

SAK 14/03: INNSTILLING TIL VIKARSTIPEND FOR 2004

 

Dekanus delte ut oversyn over søkjarane og med framlegg til innstilling.

 

Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:

 

Avdelingsstyret godkjenner det utdelte framlegget til rangering.

 

 

SAK 15/03: REVISJON AV PLAN FOR KURS I PROSESSLEDELSE OG PROSESSKUNNSKAP I PLAN- OG UTVIKLINGSARBEID

 

Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:

 

Avdelingsstyret rår til at kursplanen for "Prosessledelse og prosesskunnskap i plan‑ og utviklingsarbeid" vert godkjend.

 

Det vert føresett at punkt 7 i planen vert gjort klarare vedkomande skiljet mellom arbeidskrav og vurderingskrav og at dette vert godkjent av dekanus.

 

Per Halse gjekk etter denne saka.

 

 

SAK 16/03: medlem internasjonalt utvalg HVO   

 

Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:

 

Hallgerd Conradi vert ASF sitt medlem i  HVO sitt internasjonale utval.

 

 

SAK 17/03: OPPTAKSKOMITÉ VED AVDELINGA SOMMAREN 2003

 

Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:

 

Avdelingsstyret oppnemner Sonja Bjørlykke og Oddvor Follestad Hovden som studentre­presentantar i opptakskomitéen ved avdelinga sommaren 2003. 

 

 

SAK 18/03: YMSE

 

Sak 1: Val ved ASF

Denne saka vart teken opp fordi det hastar med å få valt prodekanus og styrerepresentantar før sommarferien og før inneverande valperiode går ut.

 

Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:

 

Avdelingsstyret ber om at val av prodekanus og representantar til Avdelingsstyret vert gjennomført innan 30. juni d.å. etter følgjande retningsliner:

 

  1. Val av prodekanus vert å gjennomføre på same måte som val av dekanus.
  2. Ved val av styrerepresentantar innanfor valkrinsane for faglege tilsette, mellombels tilsette og teknisk/administrativt tilsette er det berre tilsette innanfor dei respektive valkrinsane som har er valbare og har røysterett.
  3. Avdelingsstyret delegerer til dekanus å avklare ev. ytterlegare uklare tilhøve rundt avvikling av vala ved avdelinga.

 

 

 Torrey Seland                                                                           Kjell-Einar Dagfinrud
dekanus                                                                                      kontorsjef

 

 

 

                                                                                                                                                           

 

                                                                                                                                                          



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Håkon Bø 12.06.2003
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning