Semesterkort / studentkort / studielån

Semesterkort
Når du har betalt semesteravgift kan du få semesterkort for å stadfeste at du er student ved Høgskulen i Volda. Du bør likevel vente til du har registrert deg, slik at informasjonen om emner vert rett på kortet. Semesterkortet kan brukast som bevis for at du er student, og vil, saman med gyldig legitimasjon, kunne gi rett til moderasjon på reiser m.m. Studentar som ikkje har høve til å møte opp i Volda for å hente semesterkortet kan bestille eit frå Studentkontoret (e-post sorvistorget@hivolda.no).

Studentkort
Studentar som har høve til å møte til fotografering i Volda kan få utskrive studentkort. Studentkortet fungerer som nøkkelkort til bygningar og spesialrom på campus og lånekort på biblioteket, og dei fleste studentar med studiestad i Volda vil trenge eit slikt. Studentkort får du utskrive frå semesterstart i 3. etasje i Berte Kanutte-huset.

Studielån
Lånekassa innfører frå haustsemesteret 2005 ei ny ordning for utbetaling av studielån. Informasjon om denne ordninga finn du her:

Utbetaling av studielån (ekstern lenkje)

For å få utbetalt studielånet ditt må du ha betalt semesteravgift og registrert deg i Studentweb med alle emne du skal ta. Høgskulen sender automatisk melding til Lånekassa når betaling og registrering er utført.
NB!  Lånekassen oppmodar  studentane om å nytte nettsøknad, det høver for dei aller fleste med nokre få unnatak. Kvotestudentar er eit unnatak, dei skal levere papirsøknad.

Steng dette vindauget