1. Nye studentar- Oppretting av brukarkonto/passord for IT-tenester
Kan gjerast frå alle PC'ar med internettilgang. Her kan ein også få nytt passord om ein gløymer det gamle.
2. Registrering på Studentweb
StudentWeb er tilgjengeleg
3. Betaling av semesteravgift
Bruk din lokale bank. Du kan bruke nettbank på datamaskiner i Berte Kanutte-huset. Om du mistar giroen finn du konto- og kidnummer i studentweb.
4. Utdeling av semesterkort
Studentar i Volda kan hente semesterkort på Sørvistorget i 1. etasje i Berte Kanutte-huset. Studentar utanfor Volda kan bestille på sorvistorget@hivolda.no eller på telefon 7007 5018 / 7007 5000.
Studielån blir tilsendt etter at du har betalt semesteravgift og registrert deg i Studentweb.
Les meir
Treng du hjelp til registrering?
Det vil vere avsett maskiner for registrering i Berte Kanutte-huset ved semesterstart. Der vil du også finne brukarrettleiingar, og på Sørvistorget vil du kunne få svar på spørsmål.
Opningstider på Sørvistorget:
Sørvistorget si opningstid er 9.00 til 15.00 måndag til fredag. Utanom dette vil du kunne få hjelp til hastesaker i kontortida.
« Tilbake