Retningslinjer for referansar ved Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda
Referansar i fagartiklar til nettet
I litteraturlista:
Etternamn, fornamn (årstal): namn på side/artikkel. Adresse på nettet. Sist besøkt/sist vitja: Dato
Eks:
Sando, Svein (1998): Sitering fra Internett og andre elektroniske kilder. http://www.dmmh.no/~ses/index.php?vis=163&nid=1. Sist vitja 13.08.03
I teksten skriv vi då (Sando 1998).
Når vi ikkje kjenner forfattarnamnet, skriv vi publikasjon og årstal, sjå neste punkt.
Referansar i fagartiklar til artiklar i nettaviser/-tidsskrifter utan direkte avsendar
I litteraturlista:
Publikasjon (årstal): namn på artikkel. Adresse på nettet. Sist besøkt/sist vitja: Dato
Eks: APA Online (2003): Electronic References. http://www.apastyle.org/elecref.html. Sist vitja: 13.08.03
I teksten skriv vi då APA Online (2003)
Når vi ikkje kjenner årstalet for når nettsida sist vart oppdatert, set vi spørsmålsteikn etter årstalet:
Eks: Sando, Svein (1998?): Sitering fra Internett og andre elektoniske kilder. http://www.dmmh.no/~ses/index.php?vis=163&nid=1. Sist vitja 13.08.03.
I teksten skriv vi då (Sando 1998?).
Kjeldevisingar til nettet i redaksjonelle artiklar
-blir brukt i faktaboksar og liknande
-når viktig informasjon er henta frå bestemte kjelder
-dette gjeld også trykte publikasjonar
Blir skrive til slutt i artikkelen:
Kjelde: adresse på nettet. Sist besøkt/sist vitja: Dato
Eks:
Kjelde: http://owl.english.purdue.edu/handouts/research/r_mla.html. Sist vitja: 13.08.03
Referansar i redaksjonelle artiklar på nettet til andre nettstader
Legg inn lenkje til den sida informasjonen er henta frå, utan at adressa blir synleg i teksten.
Eks:
Les meir om American Psychological Association (APA) Style
Utarbeidd av Øystein Lemming Pedersen, Avdeling for mediefag