Skriv ut Sideoversikt |  


Lærarutdanninga
Humanistiske fag
Mediefag
Samfunnsfag
Ivar Aasen-instituttet
Biblioteket
Kontor for etter- og
   vidareutdanning

Internasjonalisering
Studentsamskipnaden
Nynorsksenteret


Om Høgskulen / Samfunnsfag / Om avdelinga / Avdelingsstyre / 2003 /

 

Protokoll frå møte i Avdelingsstyret 05.11.2003 kl. 13.15 på Strøm 329

 

Til stades:      Torrey Seland, Kjell-Einar Dagfinrud, Bente Afset, Jørgen Amdam, Hallgerd Conradi, Jan Driveklepp, Per Halse, Ingun Klepp, Tove Lofthus, Eli Fjeldseth Røys, studentrepresentanten Kariann Hjelle Sandvik.

 Fråverande: Studentrepresentant Steinar Austenå møtte ikkje, medan ekstern representant Terje Kjøde ikkje var utpeika til dette møtet

 

 

Referatet frå førre møte vart godkjent samrøystes

 

Merknadar til innkalling og sakliste: Supplerande sensorlister frå RLK vart delt ut under møtet, sak 20, og ny sak framlegg til møteplan for våren –04 vart sett inn som sak 22. Medlem til forskingsutvalet vart dermed sak 23.

 

Saker meldt under ymse:

 

Styreleiar innleidde med ei generell omtale av styrearbeidet ved avdelinga. Gjeldande verksemdsplan for avdelinga som var lagt ved sakspapira var det semje om å handsama i 2 omgangar: Ved at styret får presentert eit utkast til drøfting med høve til å kome med merknadar og innspel, og deretter som framlegg til vedtak. Det var semje om at det var viktig å involvere grunneiningane i prosessen.

 

 

Orienteringssaker

 

a)      Orientering om styrearbeidet ved avdelinga ved dekanus

b)      Midt i Norden

c)      Tildeling av midlar for fleksible studietilbod

d)      Tilsetjing i fast stilling som studiekoordinator ved ASF

e)      Budsjettutsikter for 2004

f)        Måltalsjustering

g)      Studenttal hausten 2003

 

SAK 19/2003: Budsjettrevisjon 2003 for ASF

 

Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:

 

  1. Revidert budsjett for fellesnivået vert godkjent slik det går fram av vedlegg 1.
  2. Revidert budsjett for IPA vert godkjent slik det går fram av vedlegg 2.
  3. Revidert budsjett for ISF vert godkjent slik det går fram av vedlegg 3.
  4. Revidert budsjett for RLK vert godkjent slik det går fram av vedlegg 4.
  5. Driftseiningane vert i ressursplanlegginga pålagt å redusere behovet for innleie.
  6. Kvar budsjetteining vert pålagt å redusere eksamenskostnadane i 2004
  7. Det skal som hovudregel ikkje betalast ut overtimar frå avdelinga sitt budsjett i 2004.

 

 

SAK 20/03: OPPNEMNING AV SENSORAR FOR HAUSTEN 2003

 

Det vart delt ut framlegg til sensorliste for institutt for religion, livssyn og kyrkjefag i møtet.

 

Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:

 

Avdelingsstyret godkjenner og nemner opp sensorane for hausten 2003 som det er gjort framlegg om frå institutta. For Ex. phil. 10 studiepoeng nett skal 1. sensor vere Peter Burgess.

 

 

 

SAK 21/03: Ny studieplan for masteremnet Livsløp, velferd og planlegging (15 stp)

 

Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:

 

Avdelingsstyret for samfunnsfag godkjenner studieplanen for masteremnet Livsløp, velferd og planlegging med dei 2 merknadane som kom fram på møtet.

 

Overskrifta Innhald flyttast 3 linjer opp, og inkluderer avsnitt som startar med ”Eit livsløpsperspektiv i planlegginga…”

 

Under Vurdering og eksamen går 5. og 6. setning ut frå teksten som startar med ”Godkjent oppgåve…

 

           

SAK 22/03: MØTEPLAN FOR STUDIEÅRET 2003-2004

 

Det vart delt ut framlegg til plan i møtet.

 

Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak: Møtedatoar for styret vert

Hausten 2003: Tysdag 02.12.

Våren 2004: Onsdagane 11.02., 31.03., 05.05., og 09.06.

Møtetidspunkt kl. 13.15

 

 

SAK 23/03: MEDLEM  FORSKINGSUTVALET

 

Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:

 

Avdelingsstyret nemner opp dekanus Torrey Seland som representant og prodekanus Hallgerd Conradi som vararepresentant til Forskingsutvalet i perioden h-2003 – v-2007.

 

 

 

 

Torrey Seland

Kjell-Einar Dagfinrud

dekanus

kontorsjef

                                                                                                                                                          

 

 

 

 

 

 



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Håkon Bø 06.11.2003
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning