Skriv ut Sideoversikt |  



Studietilbod 05-06
Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden


Om Høgskulen / Humanistiske fag / Studietilbod /

 

Navn:
Engelsk 1

Eventuelle særskilte forkrav/opptakskrav:
Saman med allmennlærarutdanning kvalifiserer studiet til arbeid som engelsklærar. Studiet gjev språkleg og kulturell kunnskap og innsikt som kan nyttast i andre yrke der engelsk språk vert brukt.

Kompetanse:

Saman med allmennlærarutdanning kvalifiserer studiet til arbeid som engelsklærar.
Studiet gjev språkleg og kulturell kunnskap og innsikt som kan nyttast i andre yrke der engelsk språk vert brukt.

Mål:

Gjennom å gi studenten fagleg innsikt, skal studiet både kvalifisere til lærararbeid i grunnskulen, leggje grunnlaget for vidare engelskstudium og vere eit middel til personleg utvikling. Desse hovudmåla inkluderer følgjande delmål:
Studiet skal gi
- språkglede
- grunnleggande forståing av struktur og funksjon i engelsk språk
- god evne til å bruke engelsk språk skriftleg og munnleg
- innsikt i kultur og samfunn i land der engelsk er hovudspråk, med vekt på Storbritannia
- gode litteraturopplevingar
- innsikt i arbeid med og bruk av litteratur
- grunnlag for å planleggje, gjennomføre og vurdere eiga undervisning
- grunnlag for å vurdere læreverk og fagplanar, og for å ta del i vidareutvikling av faget

Innhald:

Studiet tilsvarar første del av Engelsk årsstudium. Det vil bli gitt eiga undervisning i emna til Engelsk 1 berre dersom studenttalet er stort nok til å forsvare dette. Som regel vil engelsk 1-studentar måtte gjere nytte av dei delane av undervisninga til årsstudiet som er relevant for dei.

Studiet består av to emne på 15 studiepoeng kvar, eit av desse er lagt til haustsemesteret, og eit til vårsemesteret.

Haust:
ENG117: Engelsk litteratur/språk/didaktikk

Vår:
ENG118: Engelsk kultur/språk/didaktikk

Praksis inngår i studiet for studentar som tek engelsk som del av firårig allmennlærarstudium.

Eit studieopphald ved Det norske studiesenteret ved Universitetet i York, går inn som ein obligatorisk del av Engelsk 1. Studentar som ikkje har høve til å ta del i dette studieopphaldet kan søkje om fritak. Dei må då i staden delta i eit seminar i Volda.

Evaluering og kvalitetssikring:

Studentane tek del i studieevaluering og kvalitetssikring gjennom valde representantar som gjev tilbakemelding på innhald og funksjon i studiet minimum ein gong kvart semester. Der det er naturleg nyttar ein og spørjeskjema for å få tilbakemelding frå studentane.







Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Sylvi Gulla Hovdenakk 14.01.2005
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning