PPU - Praktisk pedagogisk utdanning - 60 stp

Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) gjer det mogleg for studentane å setje saman si eiga lærarutdanning. Studiet går over eitt år og skal kvalifisere studentar som har fullført ulike fagstudium, for fast lærarverksemd. Denne lærerutdanninga byggjer på studium av universitets- og høgskulefag eller på ei yrkesutdanning kombinert med yrkesteori og praksis fra yrkeslivet.

Kort om programmet:
Praktisk-pedagogisk utdanning skal knytte teori og praksis saman til eit heilskapeleg og integrert studium sikta inn mot framtidig yrke som lærar. Prinsippet om yrkesretting av utdanninga krev at det blir lagt til rette for studentaktive arbeidsformer, praksisbaserte oppgåver og vurderingsordningar som ein del av læreprosessen.

Kva lærer du:
Gjennom utdanninga skal studentane utvikle kompetanse innanfor desse områda:

Fagleg kompetanse: Solid fagkunnskap, bygd på det vitskapelege eller yrkesfaglege
basisfaget, og dugleik i arbeidsformene til faga er viktig for å kunne vurdere
kva slags kunnskap som er viktig og relevant for elevane.

Didaktisk kompetanse: Studentane skal kunne planleggje, grunngi, gjennomføre
og vurdere opplæring i samsvar med grunnleggjande prinsipp i lov- og regelverk og opplæringsplanar.

Sosial kompetanse: Studiet skal hjelpe studentane til å utvikle kunnskap om og
evna til samhandling og kommunikasjon med elevar, kollegar, føresette og
eksterne samarbeidspartnarar.

Yrkesetisk kompetanse: Lærarane er forplikta på dei overordna måla for opplæringa og på fellesverdiane i samfunnet slik dei er utforma i Opplæringslova og nasjonale planar for opplæring. Studentar skal utvikle eit medvite forhold til eigen profesjon. Som profesjonelle yrkesutøvarar må dei kunne grunngi sine val og handlingar overfor elevar, kollegar og andre.

Endring og utviklingskompetanse: Samfunnet er i stadig utvikling, og studentane skal lære å forstå pedagogisk utviklingsarbeid som ein del av skulen sine oppgåver. Gjennom studiet skal dei bli fortrulege med skulebasert vurdering og utviklingsarbeid, kollegabasert rettleiing og gjennom teori og praksis utvikle eit reflektert forhold til både eigen praksis og skulen sin pedagogiske praksis.

Kompetanseområda er knytt til læraren sine arbeidsoppgåver på tre ulikearenaer:
- læringsarbeid i klasseromet / verkstaden
- organisasjons-, leiings- og samarbeidsoppgåver i skulen som organisasjon
- samspel mellom skule og samfunn

Opptak:
Studieprogrammet byggjer på ei av følgjande type utdanningar:

- fullført allmennfagleg universitets- eller høgskuleutdanning av minimum tre års omfang. Utdanningsinstitusjonen fastset krav til fordjuping i enkeltfag.
- Fullført tre-årig profesjonsretta universitets- eller høgskuleutdanning og minimum to års yrkespraksis.
- Fag-/sveinebrev eller anna fullført treårig yrkesutdanning på vidaregåande nivå, generell studiekompetanse, yrkesteoretisk utdanning og minimum to års yrkespraksis.

Utdanningsinstitusjonen avgjer eventuelle søknader på grunnlag av realkompetanse.

Oppbygging og gjennomføring:
Utdanninga er samansett av følgjande fag:
30 stp Pedagogikk
15 stp Didaktikk
15 stp Fag-/yrkesdidaktikk
12 veker Rettleidd praksis

Studentar med allmennfagleg bakgrunn i to eller fleire fag skal gjennomføre to fagdidaktiske kurs (7.5 x 2 stp). Studentar med berre eitt allmennfag (hovudfag) skal gjennomføre eitt fagdidaktisk kurs i same fag med omfang 15 stp. Studentar med yrkesfagleg bakgrunn skal gjennomføre eitt kurs i yrkesdidaktikk med omfang 15 stp.

Undervisning/arbeidsmåtar:
Ein stor del av undervisninga er lagt til rette for arbeid i basisgrupper, seminargrupper og fokusførelesingar i plenum. Basisgruppene er basert på aktiv studentdeltaking med ansvar for eiga læring. Dette inneber at i tillegg til oppgåver som er definerte av faglærarar, må studentane sjølve ta initiativ til å arbeide med problemfelt etter interesse, fagbakgrunn og erfaringar frå praksis.

I seminara legg studentane fram arbeida som er gjort i basisgruppene og får tilbakemelding frå dei andre studentane på synspunkta sine. Føremålet med seminar som arbeidsform er at studentane skal få prøve ut eige pedagogisk perspektiv gjennom kommunikasjon og samhandling med andre.

Vegen vidare – jobb og studium:
Praktisk-pedagogisk utdanning er ei profesjonsutdanning som kvalifiserer for lærararbeid på mellom- og ungdomssteget i grunnskulen, for vidaregåande skule, i vaksenopplæringa og innanfor høgare utdanning. Det er viktig å vere merksam på at ein må velje undervisningsfag og fordjuping som er nemnde i læreplanen for det skuleslaget ein ønskjer å arbeide i.