Engelsk årsstudium, 60 stp
Engelsk 1, tilsvarer 1. del av engelsk årsstudium, 30 stp
Engelsk 2, tilsvarer 2. del av engelsk årsstudium, 30 stp
Engelsk årsstudium er eit fagstudium, der arbeid med det språklege uttrykket står i fokus. Studiet gir ei innføring i engelskspråkleg kultur og litteratur, og samfunnstilhøve i vid tyding. Samtidig er innhald og arbeidsmåtar retta inn mot lærararbeid i grunnskulen.

Kva lærer du:
Studieprogrammet skal gi studenten fagleg innsikt og leggje grunnlaget for vidare engelskstudium og kvalifisere for yrkeslivet. Desse hovudmåla inkluderer følgjande delmål:
Studiet skal gi:
- språkglede
- grunnleggande forståing av struktur og funksjon i engelsk språk
- god evne til å bruke engelsk språk skriftleg og munnleg
- innsikt i kultur og samfunn i land der engelsk er hovudspråk
- gode litteraturopplevingar
- innsikt i arbeid med og bruk av litteratur
For studentar som tek fagdidaktikk/ metodikk:
- grunnlag for å planleggje, gjennomføre og vurdere eiga undervisning
- grunnlag for å vurdere læreverk og fagplanar, og for å ta del i vidareutvikling av faget
Oppbygging og gjennomføring:
Studiet består av fire emne på 15 studiepoeng kvar, to av desse er lagt til haustsemesteret, og to til vårsemesteret:
Haust:
Eng101: Engelsk språk 1
Eng102: Engelsk litteratur 1
Vår:
Eng103: Engelsk språk 2
Eng104: Engelsk litteratur 2
Vegen vidare - jobb og studium:
Årsstudium i engelsk er svært nyttig som ein del av eller i tillegg til anna utdanning eller yrkeserfaring. I allmennlærarutdanninga kan årsstudium i engelsk inngå som valfritt emne eller faget kan inngå i fagkretsen til studentar som set saman si eiga lærarutdanning med Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) på toppen. Det er viktig å vere merksam på at for å få undervisningskompetanse må ein velje fag som er nemnde i læreplanen for det skuleslaget ein ønskjer å arbeide i. Det er i dag stor etterspørsel etter undervisningskompetanse i engelsk i skuleverket. Studentar som ønskjer undervisningskompetanse i engelsk må ta fagdidaktikk/ metodikk. Studiet kvalifiserer til vidare studium i engelsk på bachelornivå (200-emne).