Studiet i fjernsynsreportasje og dokumentar føreset grunnleggjande kunnskapar i journalistikk og fjernsynsproduksjon.

Kort om programmet:
Programmet skal gjennom praktisk produksjon og teoretisk undervisning kvalifisere studentane for programproduksjon innan fjernsynsreportasje og dokumentar. Opplæringa går føre seg på profesjonelt videoutstyr.
Kva lærer du:
Studiet er eit praktisk-teoretisk studium der studentane:
- får kunnskap om arbeidsmåtar og historie innan dokumentar og reportasje
- blir kjende med ulike teoretiske syn på film/fjernsyn
- får høve til å lage produksjonar med rettleiing og evaluering
- får arbeide med ei teoretisk oppgåve knytt til dokumentar og reportasje.
Opptak:
Studiet i fjernsynsreportasje og dokumentar føreset grunnleggjande kunnskapar i journalistikk og fjernsynsproduksjon, og tek primært opp studentar med journalistutdanning. Søkjar med annan bakgrunn vert og vurdert. Det er eige søknadsskjema til dette studiet. Det kan du få ved å vende deg til studentkontoret ved HVO eller til høgskulen sine heimesider. I tillegg til vanlege opplysningar må søkjaren gjere greie for motiva sine for å søkje studiet. Søknaden skal og innehalde ei skisse til ein dokumentarfilm eller reportasje.
Oppbygging og gjennomføring:
Studentproduksjonane utgjer ein stor del av det praktiske arbeidet, og det er her i hovudsak det praktiske læringa går føre seg. I samband med dei praktiske oppgåvene vert det lagt vekt på individuell rettleiing og oppfølging.
Arbeidsmåtar:
Utdanninga legg stor vekt på praktiske øvingar, og studentane må vere innstilte på produksjonspress og korte fristar. Ein ventar at studentane held seg godt orienterte om aktuelle samfunnsspørsmål. Dei skriftlege arbeida og produksjonane vert utførte både individuelt og i grupper. Dei vert evaluerte av lærarar og medstudentar. Arbeidsformene stiller store krav til sjølvstendig arbeid og samarbeid i gruppe innan faste tidsfristar. Analysar av medieprodukt er viktige innslag i utdanninga.
Vegen vidare - jobb og studium:
Studiet kvalifiserer for arbeid med fjernsynsreportasje og dokumentarprogram. Studiet ligg på mastergradsnivå, og vil etter søknad kunne inngå i ei relevant mastergrad.