Kunst og handverk

Kunst og håndverk 60 stp

Kunst og håndverk 1 30 stp

Kunst og håndverk 2 30 stp

Kunst og håndverk 3 30 stp

Samfunnet treng menneske med visuell kompetanse og evne til nyskaping. Kunst og formkultur er avgjerande når mennesket skal utvikle identitet og forstå seg sjølv og andre. Kunst og handverkemna vert tilbydde som halvårsstudium, årsstudium og fordjupingsstudium Studia kan inngå som valfri del av lærarutdanninga i 3. og/eller 4. år eller takast som vidareutdanning for lærarar.

Kort om studieprogramma:
Kunst og handverk er eit estetisk skapande fag. Sentralt i studia står utvikling av eigen form og uttrykksevne. Undervisninga vil på alle nivå veksle mellom teori og praktisk arbeid i verkstadane, møte med kunst og formkultur og refleksjon. Studia skal gi studentane ei forståing for fagfeltet sin eigenverdi i eit historisk, samfunnsmessig, kulturelt, didaktisk og utviklingsmessig perspektiv.

Kva lærer du:
Gjennom grunnemna (100-nivå) i Kunst og handverk vert det lagt vekt på kunst og formkultur som grunnlag for å oppleve og forstå ulike kulturar og tiders uttrykksformer. Dette skal danne utgangspunkt, inspirasjon og referanse for eige skapande arbeid og for undervisning. Kunst og formkulturen er ikkje skild ut som eige emne, men er ein integrert del av alle emna. Fagdidaktikken utgjer den overbyggjande delen i studia. Det vil bli undervist i ein del sentrale teoretiske emne, og i tillegg vil didaktikken i stor grad verte teken opp i samband med undervisninga innafor dei andre målområda, i innføringane, i samtalar og rettleiingane undervegs og i presentasjon og vurdering. For å ivareta formidlings- og kommunikasjonssida av faget, skal studentane skal gjennom året utforme utstillingar og presentasjonar av eige arbeid, kunst- og kulturstoff eller prosjekt. Kunst og handverk 3 (fordjupingsstudium - 200-nivå) byggjer på Kunst og handverk årsstudium. Studentane skal i dette studiet utvikle kompetanse i visuell kommunikasjon, arbeide med nyskaping innanfor design, god materialbruk og utvikle sin eigen identitet gjennom forståing av kulturen sine uttrykksformer. Dei skal også få trening i å gjennomføre eit sjølvstendig fagleg arbeid med forskingstilsnitt og ha høve til å fordjupe seg i eitt eller fleire faglege område.

Oppbygging og gjennomføring:
Kunst og handverk er organisert i seks emne, kvart på 15 stp:
- KH101 - Grunnopplæring i tre, teikning/maling/biletkommunikasjon, leire, tekstil og kunst og formkultur
- KH102 - Biletkommunikasjon/leire
- KH103 - Tekstil/tre
- KH104 - Fordjuping i valfritt materiale eller emne
- KH201 - Kunst, kultur og kommunikasjon
- KH202 - FOU-arbeid innafor skapande prosessar.

Årsstudiet er sett saman av 1. og 2. 30 stp. i faget, dvs. dei 4 emna på 15 stp: KH101, KH102, KH103 og KH104. Studentar tekne opp på 1. 30 stp. i Kunst og handverk, fullfører dei to første emna (KH101 og KH102) medan studentar tekne opp på 2. 30 stp. fullfører dei to siste emna (KH103 og KH104). Påbyggingsemna KH201 og KH202 byggjer på fullført årsstudium i Kunst og handverk. Arbeidsformene vil veksle innafor dei ulike områda. Teoriundervisninga vil i hovudsak vere fellesforelesingar, og til ei kvar tid knytt opp mot aktuelle målområde. Undervisning, rettleiing frå faglærar og studentstyrte læringsformer er sentrale. Utstillingar vert brukt aktivt som ledd i styrkinga av den kulturelle referanseramma som er ein del av studiet. I tillegg har vi ein større ekskursjon som går til ein sentral kunstinstitusjon i Skandinavia.

Vegen vidare – jobb og studium:
Emna i Kunst og handverk kan inngå i valfri del i allmennlærarutdanning eller inngå i ein fagkrets med 1-årig praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Faget kan også nyttast som valfritt emne i bachelorgrader. Fullført 90 studiepoeng i Kunst og handverk gir grunnlag for opptak på Masterstudium i Kunst og handverk.