Matematikk

Matematikk årsstudium 60 stp

Matematikk 1 30 stp

Matematikk 2 30 stp

Matematikk 3 30 stp

Fagstudia i matematikk vert tilbodne både som ordinære studietilbod (undervisning ved HVO) og som nettstøtta studium. Studia kan gjennomførast på fulltid eller deltid.

Matematikkfaget har i dag høg politisk prioritet. For å heve nivået på matematikkundervisninga i skuleverket, vart det i fjor delt ut stipend til lærarar som ville ta vidareutdanning i faget.

Ved avdeling for lærarutdanning vert det tilbode 90 studiepoeng i matematikk, fordelt på seks emne a 15 studiepoeng. Kvar av desse emna går over eit semester, har avsluttande vurdering og kan takast separat som del av grunnutdanning eller vidareutdanning. Enkelte av emna byggjer på kvarandre, og må dermed takast i ei bestemt rekkefølgje. Alle seks emna på 15 studiepoeng kan også takast nettstøtta.

Kort om programma:
Grunnemna i matematikk (100-nivå) skal gi studentane eit didaktisk og fagleg grunnlag for å kunne planlegge, organisere, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i matematikk for elevar i grunnskulen. Fordjupingsemna i matematikk (200-nivå) skal gi studentane ei fordjuping i matematikk som skal gi eit solid didaktisk og fagleg grunnlag for å kunne planlegge, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i matematikk. Emna rettar seg inn mot arbeid med matematikk på ungdomssteget og delar av vidaregåande skule.

Kva lærer du:
Gjennom grunnemna (100-nivå) vil studentane vil mellom anna få opplæringi:
- å lære matematikk; til dømes læringsteori, begrepsutvikling i matematikk
- Tallære; til dømes talsystem, rekneartane, algoritmar, talområde, prealgebra
- Geometri; til dømes måling, lengde, areal, volum, mønster, avbilding
- Algebra; til dømes algebraiske uttrykkog likningar
- Geometri; til dømes konstruksjon, fraktalar, geometri i kunst og arkitektur
- Didaktiske emne
- Praksisrelatert didaktisk arbeid
- Statistikk, kombinatorikk, sannsynsomgrepet.
- Prekalkulus
- Didaktiske emne; til dømes abstraksjon, tilpassing, matematikkvanskar,arbeidsmåtar, læremiddel, vurdering.

Gjennom fordjupingsemna (200-nivå) vil studentane mellom anna få opplæring i:
- Geometri; til dømes trigonometri, analytisk geometri, vektorar
- Lineær algebra
- Didaktiske emne
- Praksisrelatert didaktisk arbeid
- Matematisk analyse; til dømes integrasjon, differensiallikningar, følgjer og rekkjer
- Matematikkens historie/ idéhistorie

Opptak:
Matematikk fordjupingsemne (200-nivå) byggjer på fullført årsstudium eller tilsvarande.

Oppbygging og gjennomføring:
Matematikk 1, 30 stp (matematikk på barnesteget) utgjer den obligatoriske matematikkdelen av allmennlærarutdanninga, og dannar grunnlag for opptak på Matematikk 2. Matematikk 2, 30 stp (Matematikk på ungdomssteget) er retta mot undervisning på ungdomstrinnet i grunnskulen, og vil innehalde sentrale emne frå L97 for ungdomssteget. Studiet dannar grunnlag for opptak på Matematikk 3. Matematikk 3, 30 stp (fordjuping i matematikk-200 emne) inneheld ei fordjuping av dei sentrale emna i Matematikk 2. Matematikk årsstudium, 60 stp skal gi innsikt i dei matematiske metodane og prinsippa som elevane arbeider med i skulen. Innhaldet er retta mot heile grunnskulen. Studiet er sett saman av dei to studia Matematikk 1 og Matematikk2, kvar på 30 studiepoeng.

Undervisning/arbeidsmåtar:
Arbeidsformene er prega av studentaktive læringsformer med eit stort innslag av oppgåve- og problemløysing, støtta av oppgåvedrøfting og forelesing. Studentane vert delt inn i basisgrupper. Det vert kravt aktiv deltaking gjennom studiet knytt til individuelle arbeidskrav og arbeidskrav for gruppene.

Vegen vidare – jobb og studium:
I allmennlærarutdanninga er det etter dagens rammeplan 30 studiepoeng obligatorisk matematikk. For å heve nivået på matematikkundervisninga vert både studentar og ferdig utdanna lærarar oppmoda til å bygge på matematikkfaget. Lærarar med års- eller fordjupingsstudium i matematikk har difor ei etterspurd kompetanse i skuleverket.