Musikk

Musikk årsstudium 60 stp

Musikk 1 30 stp

Musikk 2 30 stp

Musikk fordjupningsstudium 60 stp

Gjennom fagstudia i musikk skal studenten tileigne seg haldningar, kunnskapar, ferdigheiter og handlingskompetanse i musikk som kvalifiserer for utøving av musikalsk og pedagogisk verksemd i grunnskule, vidaregåande skule og kulturskule.

Musikk 60 stp
årsstudium

Kort om studiet:
Studiet er sett saman av følgjande emne:
- Emne 1: Inn i musikken 1 (haust)
- Emne 2: Musikk i barneskulen (haust)
- Emne 3: Inn i musikken 2 (vår)
- Emne 4: Musikk i ungdomsskulen (vår)

Kva lærer du:
Studiet skal gi studentane eit didaktisk og fagleg grunnlag for å kunne planlegge, organisere, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar og arbeidsmåtar i musikk for elevar i grunnskule og kulturskule.

Oppbygging og gjennomføring:
Musikk årsstudium tilsvarar første år av bachelor i musikk

Vegen vidare jobb og studium:
Studiet rettar seg inn mot arbeid med musikk i grunnskule, kulturskule og det frivillige musikkliv. Studiet gir grunnlag for vidare studium i musikk, og kan t.d. innpassast i bachelorstudiet i musikk ved HVO.

Musikk 60 stp
fordjupingsstudium

Kort omtale av musikk fordjupingsstudium:
Studentane arbeider vidare med å styrkje sin faglege kompetanse for å arbeide med musikk. Studiet skal gi fagleg grunnlag for eigenutvikling og for leiing av musikkaktivitetar i grunnskule og kulturliv.

Studiet er sett saman av følgjande emne på 200-nivå: Musikk i kulturskulen, Ensemble og komponering/arrangering, Musikkteknologi og Utøving og formidling. Musikk årsstudium og musikk fordjupingsstudium tilsvarar dei to første åra av bachelorgrad i musikk.