Natur- og miljøfag årsstudium 60 stp
Natur- og miljøfag 1 30 stp
Natur- og miljøfag 2 30 stp
Fagstudia i Natur- og miljøfag vert tilbodne med vanleg undervisning med ein del obligatoriske samlingar, sjølvstudium og nettstøtte. Studia kan gjennomførast på fulltid eller deltid.
Samfunnet vil trenge stadig fl eire som har innsikt i naturvitskapane, den teknologiske bruken av dei og i forvaltninga av naturen. Menneska står føre store gjennombrot innan medisin, bioteknologi, IKT, utvikling av nye material, miljøforvaltning, osv. Skal interessa for desse fagområda auka hos barn og unge, treng vi mange grunnskulelærarar med kunnskap i og glød for naturfaga.
Natur- og miljøfag har i dag høg politisk prioritet, og det er planlagt stipend til lærarar som vil ta vidareutdanning i faget.

Kort om programma:
Natur- og miljøfag 1 er retta inn mot heile grunnskolen, men utval av emne og metodikk er særlig retta mot barnesteget. Natur- og miljøfag 2 omfattar både vidareføring av tema frå den første studieeininga og nye tema med særleg relevans for ungdomssteget.
Kva lærer du:
Studentane skal få opplæring i følgjande emne/fagområde:
- Fysikk/kjemi 1, NOM111 (15 stp)
Emnet inneheld grunnleggjande tema innanfor fysikk og kjemi, som t.d. krefter, magnetisme, elektrisitet, temperatur, energi, ulike stoff, dei minste byggesteinane, kjemiske reaksjonar, kjemi i kvardagen, tryggleik i laboratoriet, teknologi. Metodikk.
- Biologi/geologi 1, NOM112 (15 stp)
Emnet inneheld tema innanfor biologi og geologi , som t.d. feltarbeid, plante-
og dyreliv, økologi og miljø, kropp og helse, mineral og bergartar. Naturfagdidaktikk.
- Fysikk/kjemi 2, NOM113 (15 stp)
Emnet inneheld tema innanfor fysikk, kjemi og teknologi, og er meir retta mot undervisning i Natur og miljøfag
på ungdomssteget enn NOM111 er. Det tek og sikte på å vere eit grunnlag for eit eventuelt påbyggingsemne i teknologi. Stikkord: Måleteknologi, elektronikk,
astronomi, mekanikk, kjemiske reaksjonar, organisk kjemi, praktisk kjemi, teknologi. Metodikk.
- Biologi/geologi 2, NOM114 (15 stp)
Emnet inneheld tema innanfor biologi og geologi og er meir retta mot undervisning i Natur og miljøfag på
ungdomssteget enn NOM112 er. Stikkord: Cellebiologi, mikrobiologi, plantefysiologi, genetikk, bioteknologi, evolusjon, planter og dyr, kropp og helse, økologi og miljøproblem, jord og jordsmonn, geologiske ressursar. Ekskursjonar og feltarbeid. Didaktikk.
Studentane skal gjennom studiet tilegne seg grunnleggande kunnskapar i biologi, kjemi, fysikk og geofag som bakgrunn for å undervise i skolefaget Natur- og miljøfag. Studentane skal og skaffe seg innsikt i natur- og miljøfag som skolefag og utvikle reflekterte haldningar til faget og undervisning i faget.
Oppbygging og gjennomføring:
Årsstudiet er bygt opp av Natur- og miljøfag 1 og Natur- og miljøfag 2. Dei fire emna kan og takast kvar for seg. Ein legg vinn på å gjere emna relevant for dagens skule med vekt på aktivitetsbasert undervisning. Natur- og miljøfag 2 bygg på Natur- og miljøfag 1, eller på fordjuping i kjemi og fysikk frå vidaregåande skule (2Kje og 2Fy, eller tilsvarande).
Alle emne er nettstøtta. Deler av undervisninga er obligatorisk.
Vegen vidare – jobb og studium:
Fagstudia i Natur- og miljøfag er primært undervisningsretta. Det kan gå inn i allmennlærarutdanninga i valfri del, vere vidareutdanning for lærarar eller vere fagstudium innanfor fri bachelorgrad med evt. påbygging av 1-årig praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).