Studieprogrammet skal gi framandspråklege studentar tilstrekkeleg kunnskap og dugleik til å kunne studere ved norske høgskular og universitet. Det blir lagt vekt på å gi studentane gode allmennkunnskapar i norsk språk, samstundes som dei får kunnskapar om det norske samfunnet.

Norsk språk:
Undervisninga i norsk språk skal gjere studentane skikka til
- å lese og forstå tekstar frå vår tid, skjønnlitteratur, sakprosa og fagprosa
- forstå forelesingar på norsk i eige fagområde og kunne ta forelesingsnotat
- samtale om daglegdagse emne og om emne frå eige fagområde
- uttale norsk rimeleg korrekt med rett intonasjon
- uttrykkje seg skriftleg på norsk utan grove feil
- lese tekstar med normal fart.
Norsk samfunnskunnskap:
Undervisninga i norsk samfunnskunnskap skal gi studentane den allmenne orienteringa dei treng når dei skal gå i gang med sine fagstudium. Dei skal også få eit innblikk i korleis det norske samfunnet er bygt opp, og korleis nordmenn lever.
Skjønnlitteratur
Studentane les eit utval norske og omsette litterære tekstar.
Oppbygging og gjennomføring:
Undervisningsforma vil veksle mellom forelesingar, gruppearbeid, øvingar i
språklaboratorium og heimeoppgåver.
Undervisningsmålet er på bokmål.
Opptak:
Søkjaren må fylle dei allmenne opptakskrava som gjeld ved opptak til universitet- og høgskular i Norge. For somme land inneber dette vidaregåande skule og 1-2 års universitetsutdanning. Det blir ikkje kravd TOEFL-test i engelsk, men søkjaren må kunne dokumentere engelskkunnskapar minst på same nivå. Søknad på lokalt skjema.
Søknadsfrist: 01. mars.
Vegen vidare – jobb og studium:
Studieprogrammet Norsk språk og samfunnskunnskap for utanlandske studentar kvalifiserer utanlandske studentar til vidare studium og arbeid i Noreg.