Samfunnsvitskap - årsstudium 60 stp

Studieprogrammet gir ei brei innføring i samfunnsvitskapleg metode og samfunnsvitskaplege disiplinar.

Kort om programmet:
Samfunnsvitskap årsstudium skal gi studentane øving i praktisk prosjektarbeid, med førebuing, feltarbeid med datainnsamling og analyse, rapportskriving og presentasjon av resultat. Programmet er identisk med første studieår ved bachelor i planlegging og administrasjon.

Kva lærer du:
Studieprogrammet gir innføring i følgjande
emne:

Samfunnsgeografi - Emnet skal gi grunnleggande kunnskap om lokale og regionale planleggings- og utviklingsprosessar. Miljøperspektivet står sentralt. Eit viktig utgangspunkt vil vere romlege studiar av variasjonar og samanhengar mellom samfunnsforhold, miljøforhold og naturforhold.

Sosiologi - Emnet skal gi grunnleggjande innsikt i sosiologisk analyse av
samfunn på ulike nivå. Då trengst det kunnskap om generell sosiologisk teori
og metode. Målet er spesielt å utvikle forståing for livsløpstilnærmingar og
regionalsosiologiske perspektiv.

Statsvitskap og organisasjonsteori - Emnet skal gi innsikt i og reiskapar til å analysere
offentleg verksemd gjennom studiet av hovudtrekk ved politiske og
administrative strukturar og prosessar lokalt, nasjonalt og internasjonalt.

Økonomi – Emnet skal gi grunnleggjande kunnskap i samfunnsøkonomi, og bruk og utdjuping av denne kunnskapen med sikte på å forstå meir av verkemåten til, utviklingspotensialet for og samspelet mellom regionar, næringsliv og kommunar.

Oppbygging og gjennomføring:

1. semester - haust:
- Samfunnsgeografi 15 stp
- Sosiologi 15 stp

2. semester - vår:
- Statsvitskap og organisasjonsteori
- Økonomi

Lokalsamfunnsanalyse er eit tverrfagleg prosjektarbeid der studentane får ei øving i å førebu, gjennomføre og presentere resultat av eit analysearbeid som byggjer på feltarbeid.

Krav til rekkjefølgje og spesialisering:
Kvart dei fire undervisningsemna kan takast separat, og i fri rekkjefølgje. Deltaking i Lokalsamfunnsanalyse føreset at studenten har fylgt alle 4 emna som ligg til årsstudiet.

Vegen vidare – jobb og studium:
Studiet er svært nyttig som ein del av eller i tillegg til anna utdanning eller yrkeserfaring. Studiet er relevant i til dømes for journalist - og informasjonsutdanning eller andre utdanningar som krev at studentane har god samfunnsorientering.

Årsstudium i samfunnsvitskap kvalifiserer for opptak til 2. året ved Bachelor i planlegging og administrasjon.