Friluftsliv fordjupingsstudium er eit sjølvstendig, avsluttande studium med sikte på auka kompetanse i friluftsliv for arbeid i skuleverk og andre organisasjonar.

Kva lærer du:
Studiet skal gi studentane:
- allsidig kjennskap til ulike former for natur under vekslande tilhøve, bygd på opplevingar og erfaringar i naturen
- grunnleggande kunnskapar om samspelet i naturen, og forståing for mennesket sin plass i naturen sett frå ein økologisk og naturfilosofisk synsstad
- grunnleggande kunnskapar, ferdigheiter og haldningar for å kunne ferdast trygt i naturen med enkle hjelpemiddel
- dei kunnskapar, ferdigheiter og haldningar som er nødvendige for å kunne vurdere eigne og andre sine føresetnader i høve til ulike naturkrav
- bakgrunn for og erfaring i rettleiing/ undervisning i og om naturen
- kjennskap til dei rammevilkår og krav som er aktuelle i høve til friluftsliv i barnehage, skuleverk og fritid
- grunnleggande kunnskap om vitskapsteori og metodelære
Opptak:
For å bli tatt opp på studiet krevs minimum 30 studiepoeng friluftsliv/kroppsøving på 100-nivå.
Oppbygging og gjennomføring:
Studiet er sett samen av fire emne, kvar på 15 stp. Første og andre emne går parallelt gjennom heile haustsemesteret.
Haust:
- FKR201 (obligatorisk emne) - har hovudvekt på skog, vatn og vassdrag, og inneber om lag to veke med overnatting utandørs. Viktige tema er natur- og friluftslivsfilosofi, natur- og friluftslivsforvaltning, naturkjennskap, utstyrslære.
- FKR202 - har hovudvekt på sjø og kyst, også med om lag to veke med overnatting utandørs. Viktige tema her er kystfriluftsliv med navigasjon, segling, rigg m.m, utstyrslære, naturkjennskap, forvaltning, natur- og friluftslivs filosofi og friluftslivspedagogikk.
Vår:
- FKR203 - har hovudtema snø, ski, bre og høgfjell. Andre viktige tema er utstyrslære, naturkjennskap, pedagogikk/didaktikk og praksis.
- FKR204 - er ei semesteroppgåve / bacheloroppgåve, basert på tema frå studiet. Til støtte for oppgåva er det undervisning /pensum i vitskapsteori og metodelære, samt rettleiing under vegs i oppgåva.
Studiet har ei materiellavgift.
Vegen vidare – jobb og studium:
Studiet kvalifiserer for arbeid med barn og unge i grunnskule, SFO, vidaregåande skule, leirskule, lag og organisasjonar. Emna i studiet utgjer fordjupningsdelen i bachelor i friluftsliv og kroppsøving, og kan saman med andre emne gi grunnlag for opptak til relevante mastergradsstudium. Studiet kan inngå som valfri del av allmennlærarutdanninga.