|
Protokoll frå møte i Avdelingsstyret 11.02.2004 kl. 13.15 på Strøm 329
Til stades: Torrey Seland, Kjell-Einar Dagfinrud, Bente Afset, Jørgen Amdam, Hallgerd Conradi, Jan Driveklepp, Per Halse, Ingun Klepp, Tove Lofthus, Eli Fjeldseth Røys, Terje Kjøde.
Melde forfall:
Fråverande: Studentrepresentane Steinar Austenå og Kariann Hjelle Sandvik
Referatet frå førre møte vart godkjent utan merknadar.
Merknadar til innkalling og sakliste: Ingen
Saker meldt under ymse:
Orienteringssaker
a) Studentopptak våren 2004 b) Innstilling om bruk og fordeling av FoU-ressursen ved HVO c) Modellar til hjelp i budsjetteringsarbeidet. d) Saker frå Høgskulestyret
SAK 01/04: POSTERING AV BUDSJETT FOR 2004
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
- Fellesnivået ved avdelinga får tilført kr. 385 000 frå oppspart fond ved avdelinga
- Postbudsjett for fellesnivået vert godkjent i samsvar med oppstillinga i vedlegg 1 med dei merknadane som kom fram på møtet.
- Postbudsjett for IPA vert godkjent i samsvar med vedlegg 2.
- Postbudsjett for RLK vert godkjent i samsvar med vedlegg 3.
- Avdelingsstyret ber om at rekneskapstal og evt. revidert postbudsjett for RLK vert lagt fram for avdelingsstyret på første møte hausten 2004.
- Styret ber om at ein kjem attende til spørsmålet om langtidsbudsjett.
SAK 02/04: OPPNEMNING AV SENSORAR VÅREN 2004 – INSTITUTT FOR RELIGION, LIVSSYN OG KYRKJEFAG.
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
Sensorplanen for institutt for religion, livssyn og kyrkjefag for våren 2004 vert godkjent.
SAK 03/04: REVISJON AV STUDIEPLAN - EXP 100 EXAMEN PHILOSOPHICUM, 10 STP. (NETTSTUDIUM)
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
Revisjon av studieplan for EXP 100 Examen philosophicum, 10 poeng (nettstudium) vert godkjent, med den merknaden til punktet om arbeidskrav som kom fram på møtet.
SAK 04/04: REVISJON AV STUDIEPLAN - EXP 101 EXAMEN PHILOSOPHICUM, 15 STP.
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
Revisjon av studieplan for EXP 101 Examen philosophicum, 15 poeng vert godkjent, med den merknaden til punktet om arbeidskrav som kom fram på møtet.
SAK 05/04: REVISJON AV STUDIEPLAN – BACHELOR I SOSIALT ARBEID, BARNEVERNPEDAGOGUTDANNING,OG BACHELOR I SOSIAL ARBEID, SOSIONOMUTDANNING
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
Revisjon av studieplanane for bachelor i sosialt arbeid, barnevernpedagogutdanning og bachelor i sosialtarbeid, sosionomutdanning, vert godkjent.
SAK 06/04: REVISJON AV STUDIEPLAN - RUS I
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
Studieplanen vert send attende til ISF for ny handsaming.
SAK 07/04: REVISJON AV STUDIEPLAN - Kriminalitetsforebygging i et samfunnsplanleggingsperspektiv (KRIM)
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
Revisjon av studieplan for valfri modul i Mastergradsstudium i samfunnsplanlegging, 30 studiepoeng, vert godkjent.
SAK 08/04: VERKSEMDSPLAN/UTVIKLINGSPLAN ASF
(Drøftingssak)
| Torrey Seland |
Kjell-Einar Dagfinrud |
| dekanus |
kontorsjef |
|