Skriv ut Sideoversikt |  



Studietilbod 05-06
Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden


Om Høgskulen / Humanistiske fag / Studietilbod / Norsk /

 
  

Norsk (nordisk) påbyggingsstudium

Studietype:

Påbygging

Studiets lengde:

30 studiepoeng

Forkrav/Opptakskrav/Tilrådd forkunnskap:

Årsstudium i norsk (nordisk), Norsk 2, 30 studiepoeng i den aktuelle disiplinen (språk eller litteratur), eller totalt 60 studiepoeng frå andre studium

Kompetanse:

Påbyggingsstudiet i norsk (nordisk) språk og litteratur (”mellomfag”) kan utgjere delar av fordjupingskomponenten i ein bachelorgrad, og emna kan nyttast som grunnlag for masterstudium ved universitet og høgskular. Med sin særeigne kulturprofil er studiet også eit godt grunnlag for masterstudium i nynorsk skriftkultur i Volda. Emna kan også inngå i ein lærarbachelor, og kvart einskilt emne kan nyttast som fritt emne i t.d. bachelor i mediefag eller sosialfag.

Studiet kvalifiserer for yrke der ein treng språkleg eller litterær kompetanse. Det gjeld mellom anna undervisning, informasjonsarbeid, arbeid i presse eller forlag og arbeid med barn og unge. Kulturperspektivet gjev også eit nyttig grunnlag for arbeid på internasjonalt og tverrkulturelt nivå.

Mål:

Medan årsstudiet legg vekt på fagleg breidd, gjev emna på 200-nivå ei spesialisering i moderne emne innanfor språk og litteratur, og vidareutvikling av teoretisk kunnskap og analytisk praksis. Gjennom studiet skal studentane setje seg inn i avgrensa felt i språk og/eller litteratur. Krava til teori og analyse vil vere høgre enn på 100-nivå.

Innhald:

Påbyggingsstudiet i norsk (nordisk) språk og litteratur er sett saman av eit språkleg og eit litterært emne på 15 studiepoeng kvar. Studentane kan velje mellom fleire emne, men Nordisk institutt kan normalt berre tilby undervisning i eitt språkemne og eitt litteraturemne i semesteret.

Studentane kan velje mellom følgjande språklege og litterære emne:

Emne 201, Nynorsk skriftkultur, tek føre seg framveksten av skriftspråket som grunnlag for ein skriftkultur i Noreg. I dette emnet arbeider ein med tekstproduksjonen (med særleg vekt på sakprosatekstar) frå 1500-talet og fram til i dag. Ein legg vekt på å setje det nynorske skriftspråket inn i eit allment (europeisk) perspektiv.

Emne 202, Barne- og ungdomsspråk, tek føre seg ulike sider ved språktileigning og språkbruk hos dei unge. Av aktuelle tema kan nemnast: lese- og skriveutvikling, tospråklegdom, sms-språk, chattespråk og slang.

I emne 203, Livshistorier, skal studenten arbeide med eit utval biografiar og biografiske romanar frå seinare tid. Med utgangspunkt i moderne litteraturteori tek ein føre seg forholdet mellom forteljing, røyndom og identitet. Sentrale spørsmål vil vere: På kva måte er forteljing identitetsskapande? Er biografien fiksjon eller røyndom? Kva slags røyndom kan ein roman formidle?

I emne 204, Litteratur og sjukdom, arbeider ein med sjukdom som sentral tematikk i eldre og nyare litteratur. Sjukdom som litterært uttrykk kan ein m.a. forstå som opprør, motstand og kreativitet. I kva grad kan framstillinga av fysiske og mentale sjukdomar som t.d. tuberkulose og melankoli vere uttrykk for kulturelle forhold i ulike historiske periodar?

Undervisninga vert i hovudsak gjeve i form av førelesingar og seminar. Det er ein føresetnad at studentane tek aktivt del i undervisninga gjennom eigne innlegg, respons på andres innlegg og deltaking i diskusjonar.

Parallelt med undervisninga arbeider studenten med semesteroppgåva. Kvar student har krav på to individuelle rettleiingstimar i samband med munnleg innlegg og oppgåveskriving.

Evaluering og kvalitetssikring:

Innhald i og gjennomføring av emnet vert evaluert av eit fagutval ved Nordisk institutt. Refleksjonsnotat frå studentane kan òg fungere som evaluering. Det vert lagt opp til spørjeskjemaevaluering minst kvart tredje år.


Fagkode Fagets navn
S.poeng
Studiepoeng pr. semester
1. år
H V
Valgbare fag
NO 201 Nynorsk skriftkultur V 15 x
NO 202 Barne- og ungdomsspråk V 15 x
NO 203 Livshistorier: biografi og roman V 15 x
NO 204 Litteratur og sjukdom V 15 x
Sum



 



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Sylvi Gulla Hovdenakk 12.02.2004
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning