|
Deltidsstudium over eitt år
Kort om studieprogrammet: Nynorsk som sidemål vert tilbode som nettstudium for studentar frå heile landet. Studiet kan takast som ei vidareutdanning for lærarar, som påbyggingsstudium for lærarstudentar og emne i eit fagstudium i norsk. Studentane skal arbeide sjølvstendig og medvite med nynorsk som sidemål. Studiet skal gje studentane auka innsikt i kulturelle og didaktiske sider ved norskfaget, og i tilhøvet mellom teori og praksis.
Oppbygging og gjennomføring: Studiet er sett saman av to emne på 15 studiepoeng kvar:
Nynorsk for lærarar 1 - 15 stp Nynorsk for lærarar 2 - 15 stp
I Nynorsk for lærarar 1 vil ein leggje vekt på nynorsken slik han fungerer i dagens samfunn, gjennom emne som i) grunnlaget for nynorsken, det nynorske språket, den nynorske teksten, medie/IKT og nynorsk og didaktisk nynorsk. Det didaktiske perspektivet vil stå sentralt.
I Nynorsk for lærarar 2 vil bakgrunnen og føresetnadene for den norske språksituasjonen stå sentralt, gjennom emne som den nynorske konteksten, tale og skrift og den sosiokulturelle dimensjonen ved nynorsken. Også i dette emnet vil medie/IKT og nynorsk og didaktikk vere viktige delar av studiet.
Studiet er nettbasert, og det vert lagt vekt på at studentane skal arbeide sjølvstendig med fagstoffet. Kvar student vil få rettleiing og vurdering undervegs i studiet. Produkta som vert leverte for endeleg vurdering, skal også vere resultat av ein prosess der også medstudentar har vore rettleiarar.
Kontaktpersonar:
Odd Monsson tlf: 70 07 50 43 Anne Steinsvik Nordal tlf. 70 07 51 97 Kjell Arild Madssen tlf. 70 07 53 28
|