Examen facultatum er eit obligatorisk innføringsemne i alle bachelorprogram ved Avdeling for humanistiske fag . Emnet kan også takast innanfor andre studium og bachelorprogram ved Høgskulen i Volda eller andre høgskular og universitet.
Emnet skal gi kjennskap til sentrale spørsmål i dei humanistiske faga. Studiet inviterer til refleksjon omkring vitskaplege grunnlagsproblem og tar opp tilhøvet mellom dei humanistiske faga og samfunnet.

Kort om programmet
To tredelar av emnet svarar til ex.fac. ved andre høgskular og universitet, den siste tredelen er eit innføringskurs i vitskapleg oppgåveskriving.
Studiet er delt inn i eit kjernemne (10 studiepoeng), som utgjer ex.fac.-delen, og eit særemne (5 studiepoeng), som er eit innføringskurs i vitskapleg oppgåveskriving.
Det vert lagt vekt på nyare vitskapsteoretiske diskusjonar og den historiske samanhengen dei går inn i.
Oppbygging og gjennomføring:
Kjerneemnet er delt i tre:
1) Humanistisk vitskapshistorie
Emnet tar opp korleis ein kan forstå omgrepet vitskap. Ein diskuterer tilhøvet mellom humaniora og naturvitskap, historismen og den språklege vendinga i humaniora.
2) Tekst og tolking
Emnet tar opp hermeneutikkens historie. Ein diskuterer kva som ligg i omgrepet hermeneutisk metode, og fordjupar seg i den moderne debatten om hermeneutikk. Studenten vil også få ei kort innføring i moderne kulturforståing.
3) Kunst og samfunn
Emnet tar opp kunstomgrepet i eit historisk perspektiv med særskilt vekt på litteratur. Ein diskuterer synet på kunst i ulike periodar, og ser på tilhøvet mellom litteratur og røyndom. Viktige spørsmål er på kva måte kunst er knytt til historie, kultur og kjønn.
Særemnet: På grunnlag av det stoffet som er gjennomgått i kjerneemnet, skal studenten få ei innføring i vitskapleg oppgåveskriving.
Oppgåvekurset er også ope for studentar som ikkje følgjer heile innføringskurset. Studentane vel oppgåve ut frå eiga fagleg orientering, i samråd med faglærar.
Undervisning og arbeidsmåtar
Undervisninga vekslar mellom oversiktsførelesingar og seminar med studentinnlegg, respons og diskusjon. I arbeidet med den skriftlege oppgåva får studentane individuell rettleiing.
All undervisning har som føresetnad at studentane på førehand set seg inn i det aktuelle temaet og førebur seg til dei problemstillingane som vert tekne opp.
For gjennomføring av særemnet er det lagt opp til seminarundervisning og arbeid i basisgrupper med studentinnlegg, respons og diskusjon. Det er òg høve til å ha kontakt med studiestaden og rettleiar gjennom internett. I arbeidet med den individuelle oppgåva får studenten individuell rettleiing.