Skriv ut Sideoversikt |  



Studietilbod 05-06
Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden


Om Høgskulen / Humanistiske fag / Studietilbod / Norsk /

Norsk 2 - vidareutdanning for småskole- og mellomtrinnet

Norsk 2 - vidareutdanning for småskole- og mellomtrinnet, med vekt på lese- og skriveopplæring og bruk av IKT

Studietype:

Vidareutdanning                                    ORIENTERING TIL SØKJARANE

Studiets lengde:

30 studiepoeng

Kompetanse:

Krava til lese- og skrivekompetanse har auka sterkt dei siste tiåra. Dei som skal undervise elevar på småskole- og mellomtrinnet, må derfor ha god kunnskap om korleis ein legg til rette for grunnleggande lese og skriveopplæring og ha forståing for at arbeidet med å utvikle lese- og skriveferdigheiter må halde fram gjennom heile grunnskolen. Lærarane må dessutan ha innsikt i korleis IKT kan utnyttast som pedagogisk hjelpemiddel i læringsarbeidet i skolen. Samhandling gjennom tekst er berande prinsipp både i rammeplan for lærarutdanning og i L97 og er det faglege utgangspunktet for kompetanseutviklinga også i dette norskstudiet.
Vidareutdanningstilbodet er utvikla etter initiativ frå SOFF, Sentralorganet for fleksibel læring i høgare utdanning, og er eit ledd i utvikling og utprøving av nasjonale etter- og vidareutdanningstilbod for norsklærarar i grunnskolen. Studiet er retta mot småskole- og mellomtrinnet og dei spesielle utfordringane innan lese- og skriveopplæring og bruk av IKT som møter norsklærarar for denne aldersgruppa. Studiet (10 vekttal / 30 studiepoeng) bygger på Norsk 1 i allmennlærarutdanninga eller tilsvarande bakgrunn, og målgruppa er førskolelærarar og lærarar på alle trinn i grunnskolen.

Mål:

Deltakarane skal
· utvikle kunnskap om ulike teoriar og ulik praksis knytt til grunnleggande lese- og skriveopplæring slik at dei kan planlegge gode undervisningsforløp og grunngi dei
· tileigne seg kunnskap om stimulering og utvikling av lese- og skriveferdigheiter
· få innsikt i korleis dei kan stimulere leselyst og leseglede, skrivelyst og skriveglede
· tileigne seg kunnskap om korleis ein kan utvikle relevante lesestrategiar
· utvikle kunnskap om korleis ein førebygger, kartlegg og avhjelper lese- og skrivevanskar
· sjå mulegheiter i og drøfte rolla læraren har som modell, formidlar og rettleiar i lese- og skriveutviklinga til elevane
· tileigne seg kunnskap om og skaffe seg praktisk erfaring med fagleg og fagdidaktisk bruk av IKT
· utvikle kunnskap om lese- og skriveopplæring for elevar med norsk som andrespråk
· utvikle kunnskap om elevtekstar og vidareutvikle eigen tekstkompetanse

Innhald:

Studiet er organisert i tre hovudområde: IKT og språkleg samhandling, Grunnleggande lese- og skriveopplæring, og Lesing og skriving i ulike sjangrar, område som vil gripe inn i og delvis overlappe kvarandre.

IKT og språkleg samhandling (svarar til om lag 7.5 studiepoeng)
Pedagogisk bruk av IKT føreset at den som underviser og rettleier elevane, har kunnskap om og ferdigheiter i å bruke datamaskina som skriveverkty, tekstformidlar, lagringsmedium og samhandlingsverkty og kan organisere eit enkelt, elektronisk læringsmiljø for elevar. Didaktisk refleksjon omkring bruk av IKT i undervisningssamanheng vil stå sentralt i studiet. Når deltakarane sjølve utviklar og prøver ut undervisningsopplegg for elevar i grunnskolen, utvekslar erfaringar og drøftar tilnærmingsmåtar, vil dei skaffe seg eit godt grunnlag for eiga undervisning.

· Kunnskap og ferdigheiter
o Tekst- og filbehandling
o Elektroniske læringsmiljø. Rettleiing på nett
o Internett. Søking og vurdering av informasjon
o Hypertekst. Presentasjon og publisering av skjermtekstar

· IKT-didaktikk
o IKT i den første lese- og skriveopplæringa
o Bruk av datamaskinen i prosessorientert skriving
o Pedagogisk programvare for barn: analyse og vurdering
o Internett-ressursar for barn og barns bruk av skjermtekstar
o Ein ny barnekultur. Tekstmeldingar og nettprat
o Bruk av IKT i tilpassa opplæring

Grunnleggande lese- og skriveopplæring (svarar til om lag 15 studiepoeng)

Språk blir utvikla gjennom deltaking i sosiale og kulturelle praksisar, og deltakarane skal gjennom studiet få innsikt i og erfaring med korleis dei kan legge til rette skrive- og lesesituasjonar som innbyr til mange og ulike former for dialog med menneske og med tekstar. Kunnskap om lese- og skriveutvikling er ein føresetnad for å kunne legge til rette for
lesing og skriving som motiverer og appellerer, og for tilpassa undervisning. Slik kunnskap er og nødvendig for å oppdage lese- og skrivevanskar og for å kunne gjennomføre tiltak i
klasserommet som kan avhjelpe vanskane.


· Den første lese- og skriveopplæringa
o Teoriar om lese- og skriveprosessar og tidleg språkstimulering
o Munnleg og skriftleg språkutvikling – samanhengar, forskjellar, samspel
o Språkleg variasjon hos elevar ved skolestart, munnleg og skriftleg
o Tidleg skriving, tidleg lesing. Fasar i lese- og skriveutviklinga
o Språkleg medvit med særleg vekt på fonemisk medvit og metaspråk
o Bokstavkunnskap
o Vurdering av læremiddel, metodar, prinsipp og tilnærmingsmåtar

· Arbeid med lesing og skriving
o Motivering for lesing og skriving, tilrettelegging av lese- og skrivesituasjonar
o Skriveprosess og leseprosess, støtte undervegs og etterarbeid
o Vidareutvikling av lese- og skrivestrategiar. Studieteknikk og metakognisjon
o Ulike former for lesing. Litteratur og leik i lese- og skriveopplæringa
o Analyse av elevtekstar. Utvikling av lærar- og elevrespons
o Arbeid særleg retta inn mot lese- og skriveutvikling hos elevar med norsk som andrespråk

· Lese- og skrivevanskar
o Ulike årsaker til lese- og skrivevanskar. Førebygging
o Generelle vanskar og spesifikke vanskar. Dysleksi
o Kartlegging av lese- og skrivevanskar
o Tiltak; avhjelping av vanskar og kompensatoriske tiltak.
o Samarbeid med heim og med faginstansar. Oppfølging


Lesing og skriving i ulike sjangrar (svarar til om lag 7,5 studiepoeng)

Lesing og skriving vil alltid vera knytt til tekstar, og gjennom hovudområde 3 ønskjer vi å utdjupe korleis lesing og skriving heng i hop. For å kunne hjelpe, rettleie og inspirere elevane til lesing og skriving treng lærarane kunnskap om tekstar frå fortid og notid i eit breitt spekter av sjangrar. Dei må vidareutvikle den sjangerkunnskapen dei har, med ei sjangeroppfatning som opnar for utprøving, eksperimentering og nyutvikling. Dei må også orientere seg i det tekstuniverset som dei sjølve og elevane lever i.

· Skriftlege og munnlege tekstar for og av barn og vaksne i ulike sjangrar og medium
o Forteljingar
o Poetiske tekstar
o Sakprega tekstar
o Bildemedium, til dømes bildebøker, teikneseriar

· Utforsking og utprøving av tekstar i ulike sjangrar
o Språkleik og språkleg eksperimentering
o Skrivesituasjonar og skriveroller
o Barns lesevanar, lesestimulering
o Tilnærming til tekst, framføring av tekst
o Språkkunnskap og grammatikk i ein funksjonell samanheng

 

Kontaktperson: Førsteamanuensis Kjell Arild Madssen tlf.70 07 53 28



 

Fagkode

 

 

Fagets navn

 

S.poeng

 

Studiepoeng pr. semester

 

 

 

 

 

1. år

 

 

 

 

 

 

 

 

H

V

 

 

 

NOR2LSKBAR

 

 

Norsk 2 - vidareutdanning for småskole- og mellomtrinnet, med vekt på leste og skriveopplæring og bruk av IKT

 

O

30

15

15

 

Sum

 

 

 

 

 

 

 

 



 



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Sylvi Gulla Hovdenakk 14.07.2004
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning