|
Rabattordningar skal brukast i størst mogleg grad. Det er viktig at du som reisande for HVO nyttar deg av dei rabattordningane som flyselskap og hotell gir. Vi oppmodar alle tilsette til å nytte statens særavtale med Rica Hotels og Choice-kjeda. Desse hotella tilbyr lågare prisar via UHA-avtalen enn dei fleste andre. Meir informasjon om dette finn de på dei interne sidene.
Dei tilsette bør tinge flybillettar på internett. Lenkjer til flyselskap og rutetider finn du på sidene våre. Ein kan spare ca. 200-300 kroner i gebyr pr flytur ved tinging på nett. Ved meir kompliserte reiser kan det vere teneleg å bruke reisebyrå, som til dømes Berg-Hansen reisebyrå (tlf 70 07 44 40).
|