|
Protokoll frå møte i Avdelingsstyret 31.3.2004 kl. 13.15- på Strøm 329
Til stades: Torrey Seland, Kjell-Einar Dagfinrud, Bente Afset, Hallgerd Conradi, Jan Driveklepp, Elfrid Sundnes Joa, Per Halse, Birger Løvlie (4. vara), Eli Fjeldseth Røys, ekstern representant Terje Kjøde, studentrepresentantane Steinar Austenå og Kariann Hjelle Sandvik
Melde forfall: Jørgen Amdam, Ingun Klepp, Gro Brandal (1. vara), Anne Marie Verpe (3. vara), Øyvind Standal (2 vara)
Merknadar til innkalling og sakliste: Dekanus ynskte at sak 12 vart handsama som siste sak. Styret slutta seg til dette.
Til sak 10 Vidareutdanningsemne RLK var det sidan sakspapira vart sende ut førebudd 2 emne til for godkjenning. Styret fekk utdelt papira på møtet, og vedtok å handsame desse planane som AS-sak 10B.
Saker meldt under ymse:
Orienteringssaker
a) Innspel til fordelinga av stipendiatstillingar ved HVO b) Aktuelle prosjekt ved ASF c) Saker frå Høgskulestyret d) Prognose for berekning av studiepoengproduksjonen ved ASF for 2004 og 2005, og forventa studiepoengproduksjonstildeling for årene 2005, 2006, og 2007.
SAK 09/04: REVISJON AV STUDIEPLANAR OG EMNEOMTALAR FOR IPA
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
1. Dei reviderte studieplanane for Samfunnsvitskap årsstudium, Kandidatutdanning i offentleg administrasjon og Bachelor i planlegging og administrasjon vert godkjende.
2. Den reviderte studieplanen for Mastergradsstudium i samfunnsplanlegging og leiing vert godkjent.
3. Den reviderte studieplanen for Vidareutdanning i leiing vert godkjent.
4. Planane over vert godkjent med dei kommentarane til evalueringsordningane som kom fram på møtet.
5. Avdelingsstyret vil oppfordre IPA til å bringe kjønnsperspektivet sterkare inn ved nærare vurdering av pensumlister og ny revisjon av planane.
6. Styret viser til måldelen i 301, 302 og 303. Det kritiske perspektivet der kunne også ha vore tydelegare i måldelen i fleire delplanar.
SAK 10A/04: VIDAREUTDANNINGSEMNE RLK
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
Dei fire einingane REL 301 Religionsundervisning og religionsfag, REL 302 Kulturell identitet og seinmodernitet, REL 303 Kristendommen og religionane og REL 304 Etikken og den moralske oppsedinga blir godkjende som vidareutdanningsemne.
SAK 10B/04: VIDAREUTDANNINGSEMNE RLK
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
Dei 2 einingane REL 311 Bibeltekst og kommunikasjon og REL 312 "Er du og ein kristen?" Kulturmøte og identitetsdanning i det første hundreåret vert godkjende som vidareutdanningsemne med dei kommentarane til evalueringsordningane som kom fram på møtet.
SAK 11/04: REVISJON AV STUDIEPLAN I HELSEPEDAGOGIKK OG PASIENTINFORMASJON (30 STP)
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
Revidert studieplan for masteremnet Helsepedagogikk og pasientinformasjon (30 stp) vert godkjent.
SAK 12/04: STRATEGI- OG HANDLINGSPLAN FOR ASF 2004-2007
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
Avdelingsstyret ber om at neste styremøte 5.5.2004 vert halde som eit seminar for styret der ein drøftar avdelinga sine vidare prioriteringar. Innspel frå styremedlemmar kan sendast dekanus på ts@hivolda.no innan 20.4.2004.
SAK 13/04: FOU ved HVO – FAGLEGE SATSINGSOMRÅDE
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
1. Det er sers verdefullt at det vert sett fokus på forskinga ved HVO i ei eiga innstilling til strategiplan. Gjennom denne har ein fått analysert nærare kva rolle og plass forskinga har i dag, og gjort framlegg om mål for satsingsområde, og omtale av konsekvensar av desse for dei einskilde avdelingane.
2. Innstillinga er stort sett vel disponert og klar i si framstelling, men med eit stort unntak: Ein har gjennomgåande knytt framstillinga til dei einskilde avdelingane som aktuelle einingar, medan ein i eitt avsnitt (3.2 Forskingsverksemd og fagprofil) plutselig går over til å bruke fagområda (Humanistiske fag, Lærarutdanningane, Mediefag og Samfunnsfag) som grupperingseiningar. Dette synes å vere både unødvendig og uheldig. Det er unødvendig, ikkje minst sidan ein i dei neste avsnitta vender tilbake til avdelingane som einingar. Vi ser ikkje noko grunn til at ein ikkje kan vere konsekvent her og bruke dei einskilde avdelingane som grupperingseiningar heile vegen. Det er og uheldig sidan det har ført til at eit institutt (Institutt for Religion, livssyn og kyrkjefag) som ein nok kan seie fagleg sett høyrer heime innan humanistiske fag, men som nå organisatorisk er plassert i Avdeling for Samfunnsfag, er blitt så og seie usynleg i innstillinga. Instituttet har peika på nett dette i sin uttale, sjå vedlegg.
3. Utvalet seier vidare at dei m.a. har hatt som premiss at "Det skal framleis vere ein balanse mellom eigeninitiert forsking og styrt forsking." I punkt 4 Visjon for HVO, har ein og halde fast på dette prinsippet: "HVO skal ha ein fruktbar balanse mellom eigeninitiert og styrt FoU som bidreg til kunnskapsproduksjon og samfunnskritikk." Men ein synes ikkje dette prinsippet er like godt gjennomført som styrande i skildringane av den faktiske forskinga på avdelinga, og i framlegga til satsingsområde. Den styrte og eksternt finansierte forskinga synes vere prioritert framfor den eigeninitierte og ’frie’ forskinga. Den humanistiske tradisjonen ved HVO har vorte for lite synleg i innstillinga. For vår avdeling har dette særleg ramma RLK, men og til dels Institutt for Sosialfag. Dei tilsette ved RLK har ein høg og allsidig kompetanse. Med 2 professorar og 6 med førstekompetanse (av i alt 10 tilsette) er det truleg det instituttet på HVO som har prosentvis den høgaste formelle kompetansen. Dei har i ca 10 år hatt ei sers aktiv forskingsgruppe (FAKK), som har fungert som forskingssveiledande og –utviklande. I tillegg har tilsette her hatt ansvar for større forskingsprosjekt som ikkje er nemnde i innstillinga (Barn og Media, Evaluering av L97, m.m.). Dei tilsette er og engasjert i forsking innan dei personlege fagområda deira, og har ein høg FoU produksjon nasjonalt og internasjonalt. Alt dette er ikkje nemnd i innstillinga. På Institutt for Sosialfag står velferdsforsking høgt, men også her vert det drive forsking som ikkje høyrer like klårt heime under denne paraplyen.
4. Med bakgrunn i dei føregåande merknadene vil styret for ASF be om at det i avsnitt 6: Strategiske satsingsområde for FoU ved HVO, blir tatt inn eit punkt som kan dekkje den forskinga som vert drive ved RLK, og som dei vil satse vidare på, nemleg
· Religion, livssyn og samfunn
5. Tilsvarande ber ein om at det i avsnitt 7 (Mål for satsingsområda og konsekvensar for avdelingane/Høgskulen), underpunkt 7.4 (Avdeling for Samfunnsfag – situasjonen om 4 år), blir lagt til eit nytt punkt om etablering av master slik:
· Etablert Mastergrad i Religion og Samfunn.
6. Det er strategisk viktig å satse på doktorgrad ved HVO. I komande fireårsperiode skal det gjerast eit førebuande arbeid med å utvikle eit program som femner om fellestrekk ved dei ulike fagmiljøa, og som kan gi ein overbygnad for mastergrader høgskulen er i ferd med å utvikle. Styret for ASF meiner at området Samfunnsarbeid framstår som uklart, og kanskje ikkje tilstrekkeleg dekkande for dette.
SAK 14/04: FASTSETJING AV RETNINGSLINER FOR TIDSBRUK TIL RETTLEIING OG VURDERING AV MAPPEELEMENT (SKRIFTLEGE HEIMEOPPGÅVER) VED ASF
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
Saka vert utsett.
SAK 15/04: VURDERING AV STUDIEAVGIFT FOR NETTSTUDIUM VED ASF
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
Det vert som ei prøveordning for hausten 2004 innført ei studieavgift for alle reine nettstudium ved avdelinga. Avgifta vert refundert dersom studenten fullfører studiet på normert tid. Avgifta vert fastsett av avdelingsleiinga med utgangspunkt i omfanget på det enkelte kurs.
SAK 16/04: GODKJENNING AV SENSORAR VED IPA
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
Den framlagde oversikta over sensorar ved Institutt for Planlegging og administrasjon vert godkjend.
| Torrey Seland |
Kjell-Einar Dagfinrud |
| dekanus |
kontorsjef |
|