Drama - teater og dans |
 |
| Høgskulen i Volda tilbyr no eit studium i drama - teater og dans i Kristiansund. Studiet er unikt på Vestlandet og vil gi deg som student eit solid fagleg tilbod på høgskulenivå, anten du nett har fullført vidaregåande eller du ønskjer fagleg påfyll gjennom eit spanande vidareutdanningstilbod. Studiet er delt opp i fire 15-studiepoengsemne, to i drama - teater og to i dans. |
 |
Kort om programmet Studiet eignar seg for alle som ønskjer å utvikle seg vidare innanfor teater - drama og dans, og vil passe fint både for deg som vil ta eit årsstudium som første steg i vidare utdanning og for deg som vil byggje vidare på den utdanninga du har frå før. Studiet er lagt til rette for å vere mest mogleg fleksibelt. Vi har difor lagt deler av undervisninga på kveldstid og i feriar. Det er og mogleg å melde seg på berre eitt, eller fleire av dei einskilde 15-studiepoengsemna.
Kva lærer du? Drama - teater Innhaldet i studieplanen i drama ber preg av at drama både er eit estetisk fag, ei arbeidsform og eit uttrykksmiddel. Siktemålet med emna i drama - teater er å binde dei ulike elementa saman i praksis og teori.
Dans Studieplanen i dans baserar seg på eit nært samspel mellom praksis og teori. Emna vil gi innføring i fleire arbeidsformer, både gjennom å skape dans, å danse sjølv og gjennom fagteori og analyse.
Opptak Søkjarar må ha generell studiekompetanse, (fullført vidaregåande skule), eller godkjend realkompetanse (legg ved eigen søknad saman med søknadsskjemaet). Det er ikkje naudsynt med røynsle frå dans eller drama og teater frå før. Studiet vil bli tilpassa det nivået studentane er på.
Oppbygging og gjennomføring Drama - teater DT101: Dramapedagogisk teori og praksis Som student får du mellom anna jobbe med utprøving og utforsking av dramarbeid, dramapedagogisk praksis, teori og historie, estetikk og tilpassa opplæring.
DT102: Praktisk teaterarbeid og teaterteori 1 Gjennom emnet får du høve til å utvikle dugleik til å uttrykkje deg gjennom dramatiske verkemiddel. Vi vil mellom anna jobbe med tekst og genrar, forteljarteater, figurteater, teaterteori og skodespelarkunst.
Dans DANS 101: Rørsle improvisasjon og dans Studentane får ei innføring i rørsle, improvisasjon og dans. Vi vil og ta for oss treningslære, anatomi og dansen si historie.
DANS 102: Dans og koreografi Emnet inneheld mellom anna dans som kulturuttrykk, stil og sjangerforståing og koreografi.
Undervining og arbeidsmåtar Det er lagt opp til om lag fire samlingar per emne. Vekene er sett opp i tabellen under.
|
Haust 2004 |
Vår 2005 |
|
Veke 33 DT 101 Veke 34 DANS 101 Veke 37 DT 101 Veke 38 DANS 101 Veke 41 DANS 101 og DT 101 Veke 44 DT 101 Veke 45 DANS 101 Veke 47 Eksamen DT 101 Veke 48 Eksamen DANS 101
|
Veke 2 DANS 102 Veke 3 DT 102 Veke 5 DANS 102 Veke 6 DT 102 Veke 8 DANS 102 og DT 102 Veke 14 DANS 102 Veke 16 Eksamen DANS 102 Veke 19 DT 102 Veke 21 - 22 Eksamen DT 102
|
I dei nemde vekene blir undervisnigstidene
|
Onsdag Torsdag Fredag |
18.00 - 21.00 09.00 - 16.00 09.00 - 15.00 |
For å gjere studiet mest mogleg fleksibelt er det i tillegg lagt inn ekstra undervisningstimar i haustferien (veke 41) og vinterferien (veke 8).
Vegen vidare - jobb og studium Emna gir kompetanse til arbeid innanfor skule, kulturskule, dans og ulik dans- og teaterverksemd.
|