Drama - teater og dans

Høgskulen i Volda tilbyr no eit studium i drama - teater og dans i Kristiansund. Studiet er unikt på Vestlandet og vil gi deg som student eit solid fagleg tilbod på høgskulenivå, anten du nett har fullført vidaregåande eller du ønskjer fagleg påfyll gjennom eit spanande vidareutdanningstilbod. Studiet er delt opp i fire 15-studiepoengsemne, to i drama - teater og to i dans.

Kort om programmet
Studiet eignar seg for alle som ønskjer å utvikle seg vidare innanfor teater - drama og dans, og vil passe fint både for deg som vil ta eit årsstudium som første steg i vidare utdanning og for deg som vil byggje vidare på den utdanninga du har frå før. Studiet er lagt til rette for å vere mest mogleg fleksibelt. Vi har difor lagt deler av undervisninga på kveldstid og i feriar. Det er og mogleg å melde seg på berre eitt, eller fleire av dei einskilde 15-studiepoengsemna.

Kva lærer du?
Drama - teater
Innhaldet i studieplanen i drama ber preg av at drama både er eit estetisk fag, ei arbeidsform og eit uttrykksmiddel. Siktemålet med emna i drama - teater er å binde dei ulike elementa saman i praksis og teori.

Dans
Studieplanen i dans baserar seg på eit nært samspel mellom praksis og teori. Emna vil gi innføring i fleire arbeidsformer, både gjennom å skape dans, å danse sjølv og gjennom fagteori og analyse.

Opptak
Søkjarar må ha generell studiekompetanse, (fullført vidaregåande skule), eller godkjend realkompetanse (legg ved eigen søknad saman med søknadsskjemaet). Det er ikkje naudsynt med røynsle frå dans eller drama og teater frå før. Studiet vil bli tilpassa det nivået studentane er på.


Oppbygging og gjennomføring
Drama - teater

DT101: Dramapedagogisk teori og praksis
Som student får du mellom anna jobbe med utprøving og  utforsking av dramarbeid, dramapedagogisk praksis, teori og historie, estetikk og tilpassa opplæring.

DT102: Praktisk teaterarbeid og teaterteori 1
Gjennom emnet får du høve til å utvikle dugleik til å uttrykkje deg gjennom dramatiske verkemiddel. Vi vil mellom anna jobbe med tekst og genrar, forteljarteater, figurteater, teaterteori og skodespelarkunst.

Dans
DANS 101: Rørsle improvisasjon og dans
Studentane får ei innføring i rørsle, improvisasjon og dans. Vi vil og ta for oss treningslære, anatomi og dansen si historie.

DANS 102: Dans og koreografi
Emnet inneheld mellom anna dans som kulturuttrykk, stil og sjangerforståing og koreografi.


Undervining og arbeidsmåtar
Det er lagt opp til om lag fire samlingar per emne. Vekene er sett opp i tabellen under.

Haust 2004

Vår 2005

Veke 33 DT 101
Veke 34 DANS 101
Veke 37 DT 101
Veke 38 DANS 101
Veke 41 DANS 101 og DT 101
Veke 44 DT 101
Veke 45 DANS 101
Veke 47 Eksamen DT 101
Veke 48 Eksamen DANS 101

Veke 2 DANS 102
Veke 3 DT 102
Veke 5 DANS 102
Veke 6 DT 102
Veke 8 DANS 102 og DT 102
Veke 14 DANS 102
Veke 16 Eksamen DANS 102
Veke 19 DT 102
Veke 21 - 22 Eksamen DT 102

I dei nemde vekene blir undervisnigstidene

Onsdag
Torsdag
Fredag

18.00 - 21.00
09.00 - 16.00
09.00 - 15.00

For å gjere studiet mest mogleg fleksibelt er det i tillegg lagt inn ekstra undervisningstimar i haustferien (veke 41) og vinterferien (veke 8).

Vegen vidare - jobb og studium
Emna gir kompetanse til arbeid innanfor skule, kulturskule, dans og ulik dans- og teaterverksemd.