|
Ved hjelp av ei server(citrix terminalserver) hjå IT-avdelinga, kan du no nå dine eigne dokument og fellesdokument frå heime-pc, eller frå ein berbar pc dersom du er ute på reise.
Du kan og bruke FS, Agresso, Groupwise m.m på same måte som på kontoret.
For å få til dette må du først installere eit lite klientprogram : Ica32Pkg.msi
Hent dette ned til din eigen pc ved å klikke på filnamnet(Ica32Pkg.msi). Når du har gjort dette, installerer du det slik(installasjonen kan variere litt etter kva windowsversjon du har):
- Start installasjonen ved å dobbeltklikke på fila Ica32Pkg.msi
- Filnedlasting - Sikkerhetsadvarsel : Klikk på Kjør-knappen
- Internet Explorer - Sikkerhetsvarsel: Klikk på Kjør-knappen - Du får fram velkomstbilete. Klikk Next-knappen. - Aksepter "Licence agreement", og klikk Next-knappen
- Ta vekk "Program Neigborhood Agent", Klikk Next-knappen
- Bruk så standardvala vidare ved å klikke next til installasjonen er fullført.
No er tilkoplingsprogrammet installert. For å kople deg til HVO sin server gjer du slik:
- Start weblesaren din(t.d. Internet Explorer el Netscape) på ny. - Gå til HVO sine sider for tilsette : http://www.hivolda.no/index.php?&ID=11654 - Klikk på Citrix-HVO-ikonet. Oppkoplinga mot serveren ved Høgskulen skal starte no.
- Deretter får du fram eit påloggingsvindauge likt det du har på pc'en på kontoret - Skriv inn brukarnamn og passord slik du vanligvis gjer på jobb. - Etter nokre sekund skal du få fram eit nytt skrivebord. Her kan du t.d. starte Word og bla deg fram til dine eigne dokument som er lagra på H:. - Du kan og gå inn via ikonet oppe i venstre hjørnet på skrivebordet. Her vil du og finne dei andre fellesområda slik som Q og L.
Ved første gongs pålogging kan du få spørsmål om kva tilgong klientprogrammet skal ha til din pc. Vel då "Full access" og "Never ask me again..."
Spørsmål rettast til IT-avdelinga v/Johann Folkestad
|